Folkemøte på Haukly avlyst

Folkemøte avlyst

INST I HJØRUNDFJORDEN: Bjørke har no starta prosessen for å vurdere om dei skal bli ein del av nye Volda eller ei. Foto: Even Ørjasæter

Ei gruppe som kalla seg «Dei unge vaksne på Bjørke» har sendt søknad om grensejustering til Fylkesmannen.

– Det har no oppstått ein situasjon der ei eiga gruppe har teke initiativ til å sende søknad til Fylkesmannen og be om ei utredning av grensejustering av Bjørke og Viddal krins. Når Fylkesmannen har motteke ein søknad om grensejustering har ikkje lenger Grendelaget noko rolle i denne prossesen, står det i pressemeldinga gjengitt av Møre-Nytt.

Les òg: Grensejustering splittar Bjørke.

Nok at éin innbyggjar ber om grensejustering

Til folkemøtet på Haukly var både ordførar og rådmann i Volda, Ørsta og Hornindal invitert, samt at dei bad ein representant frå Fylkesmannen kome. 

Hovudmålet med møtet var å høyre kva dei forskjellige kommunane i nærleiken og Fylkesmannen hadde å seie om ei eventuell grensejustering. Dei skulle òg drøfte om det skulle setjast i gang ei folkerøysting. 

Møre-Nytt skriv at det er nok at ein innbyggjar ber om grensejustering, og at det difor har skjedd allereie før det planlagte folkemøtet. 

Kan bli overført til regjeringa

– Fylkesmannen vil no, etter det grendelaget kjenner til, innhente informasjonen frå dei berørte kommunene og utføre ei eiga inbygjerundersøking. Dersom ingen av kommunane har innsigelsar kan Fylkesmannen avgjere saka, skriv dei i pressemeldinga.

– Dersom ein eller fleire av kommunane har innsigelsar, vert saka overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek den endelege avgjerda i prosessenn. På bakgrunn av dette ser ikkje Grendelaget nokon grunn til å avhalde folkemøte og innbyggjarundersøking.