Havet består av mykje meir enn berre fisk

I fjor blei det samla inn over eit tonn søppel i frå havet, berre på Runde. Om ikkje mange åra vil det vere meir plast enn sjødyr i havet, om vi fortsettar i denne retninga.

«Plukk, legg opp på vegen, og vær forsiktig. God rydding!» Ein klar beskjed frå kommunikasjonsansvarleg ved Runde Miljøsenter, Charlotte Hauge. Laurdag var det nemleg duket for nok ein ryddedugnad på Runde.

Kommunikasjonsansvarlig, Charlotte Hauge. FOTO: Bim Totland

Dette er andre året ryddedugnaden «Før fuglane kjem» blir arrangert. I desse tider startar nemleg hekkesesongen.

Fugleøya Runde har besøk av omlag 500.000 fuglar kvart år. Diverre er det mykje plast og søppel som samlar seg i reira deira, og i fjøra.

– Det hjelper ikkje og berre samle det inn. Vi må registrere det også, fortel Janne Farstad.

Ho er sjølv med på å arrangere dugnadar som dette. Farstad meinar at dersom ein ikkje registrerar søppelet, klarer ein heller ikkje å finne ut kor problemet kjem i frå.

– Eg trur nok mesteparten av søppelet kjem i frå oss som privatpersonar. Samtidig er det fleire bedriftar som klarer å komme seg unna kildesorteringa. Det gjer det enda vanskelegare å finne ut kor problemet stammar i frå, fortel Farstad.

Dei frivillige fekk utdelt ulike områder på øya. FOTO: Bim Totland

​Stort engasjement blant barnefamiliar

Godt over 60 personar møtte opp, både store og små.

– Eg trur kanskje barnefamiliar er meir bevisste på søppelsortering, fortel Odd.

Han og kona Kristin hadde tatt med seg gutane deira for å hjelpe til på dugnaden, denna solfylte laurdagen i fjøra. 

– Vi var med i fjor også. Då lagde vi ein mann av søppelet vi fant. Han heng på utstillinga, oppe i andre etasje på miljøsenteret, fortel dei.

Sjølv om familien tek det som ein tur, er Odd og Kristin opptatt av å lære ungane deira om kva plast gjer mot miljøet. Sjølv har dei laga ein eigen kompostbinge i hagen heime. Dei reagerar på at så og sei alle varer innehalder plast.

– Når eg skal kjøpe favorittkaffien min hjelper det ikkje at det er miljøvennlig innpakkning, når den er vakuumpakket av plast inni, fortel Odd.

Det tek 450 år før ei plastflaske vert broten ned

Kor lett er det ikkje å kaste den tomme pølsepakkningen eller brusflaska på sjøen? I følge ein rapport frå World Economi Forum, har dei estimert at i 2050 vil det vere meir plast enn fisk i havet, dersom vi fortsettar slik som no.

Det er fleire ordninger som er satt i gang for å finne ei løysing på problemet. Blant anna «Shipping for Litter». Denne ordninga har vert ei to år lang prøveordning i frå Miljødirektoratet. Totalt har 51 fiskebåtar vert med på ordninga. Langs Norgeskysten har det vore mottak som båtane har levert avfall dei har samla i frå havet.

– Prøveordninga har handla mykje om å høste erfaringar, seiar prosjektleiar Hilde Rødås Johnsen.

Ho jobbar i SALT, som fekk tildelt ansvaret for prøveordninga av Miljødirektoratet. Hovedmålet for ordninga har vore å bevisstgjere fiskerane om deira forsøpling i havet. Johnsen trur likevel at fiskerane er nøye med forsøpling, då havet er det dei livnærar seg av.

Ordninga skal bli tatt opp til evaluering i løpet av 2018. Johnsen fortel at den har vore for kort til å kunne sjå nokon endring.

– Det er klart at både vi og næringa håpar dei vil fortsette med ordninga, men det blir opp til myndighetene å avgjere, seier Johnsen.

 

Plasten vert ført med havstraumane, og endar opp langs strendene, og samlar seg i store straumvirvlar. Videoen viser eit eksempel på ein søppeldynge.

Dette visste du kanskje ikkje om plast

  • Plast utgjer det største problemet ved marint avfall
  • Mikroplast er små plastpartiklar under 5 millimeter
  • Omtrent 10 prosent av all plast endar i havet
  • Plast gjer stor skade på dyr, som fisk og fugl
  • Omtrent ein million sjødyr døyr av plast kvart år
  • I Nordsjøen er det 600.000 tonn plast på havbunnen
  • Det finnes fem søppeldyngjer med plast i verdenshava