Leon Romestrand er spent på ny jobb i MOT

Frå rektor i Ulsteinvik til MOT

Leon Romestrand byrjar i ny jobb i MOT 1.april. Foto: Privat

Rektor ved Ulstein ungdomsskule har fått ny jobb i MOT. Der skal han halde foredrag for personalgrupper på ungdomsskular og videregåande, samt rettleie og støtte rektor i MOT-arbeidet på skulen. 

Noverande rektor ved Ulstein ungdomsskule, Leon Romestrand, startar i ny jobb i MOT 1. april. Romestrand skal arbeide med programmet "Skulen som samfunnsbyggjar". Jobben inneber i hovudsak leiarutvikling og rettleiing av rektorar på ulike skular over heile Noreg, i tillegg til å halde foredrag. 

Leon Romestrand skal reisa rundt over heile Noreg i den nye stillinga si i MOT. Foto: Privat

MOT er ein organisasjon som jobbar for å førebygga mobbing, vald, rusmisbruk, psykiske vanskar og kriminalitet. MOT vil utvikle robust ungdom som inkluderer alle, står det på heimesidene deira. I Norge er det 274 MOT-skular, og Romestrand meiner det er viktig å forsterke ungdommane sin robusthet og jobbe med heile samfunnet rundt ungdommen. 

– Det eg skal halde foredrag om, tek utgangspunkt i det afrikanske uttrykket "It takes a village to raise a child". Då må alle som jobbar med barn og ungdom, foreldre og leiarar i fritidsaktivitetar ta ansvar for alle born, seier Romestrand.

Vil utgjera ein stor forskjell

I stillinga skal han halde foredrag for personalgrupper og rettleie rektorar og leiarar på ulike skolar, og Romestrand seier han er spent. 

– Det psykososiale miljøet er svært avhengig av rektoren og korleis rektoren legg til rette på skulane. Det blir spennande å drive med rettleiing og samtaler når det gjeld dette, seier Romestrand. 

Leiar Gunn Anita Gjøvik i MOT i Møre og Romsdal seier dei har kjent Romestrand lenge, og ho trur han vil komme til å utgjere ein stor forskjell. 

– Han har vore rektor på ein ungdomsskule der han har gjort ein veldig god jobb. Han har brukt filosofien til MOT på ein veldig god måte. Han er ein person vi trur kjem til å gjere ein stor forskjell for MOT og dei skulane som skal møte han i sitt arbeid. 

Regionleder for MOT i Møre og Romsdal, Gunn Anita Gjøvik, trur Romestrand vil gjera stor forskjell. FOTO: mot.no

Romestrand meiner sjøl at bakgrunn som rektor på ungdomsskule er ein stor fordel. 

– Som rektor kjenner du heile skuleverket i alle ledd. Eg har tru på MOT og på skulen som samfunnsbyggjar fordi eg ser kor viktig det er på eigen skole. Eg ser kor viktig det er at alle bidrar og skaper eit varmare samfunn og meir robust ungdom. Så eg trur det er ein veldig styrke, seier Romestrand. 

Gode tilbakemeldingar

Gjøvik seier responsen frå ungdommane og dei vaksne på MOT sitt arbeid er veldig bra. 

– Det er mange gode tilbakemeldingar som seier at vi gjer ein forskjell. Tilbakemeldingar som seier at vi styrker motet og gjer dei meir robuste i tillegg til at dei meiner vi sørger for eit betre klassemiljø der færre føler seg utanfor. 

Romestrand seier han gler seg til å starta i ny jobb, samtidig som det blir vemodig. 

– Sjølv om eg gler meg veldig til å starte i MOT, er det sjølvsagt trist å slutte som rektor. Eg kjem til å sakne både ungdommar og tilsette i Ulsteinvik. Men det blir òg spennande med det nye eg skal inn i. 

Det er 274 skular i Noreg som har MOT og 66.000 ungdommar som har MOT på skulane sine.