Frå sprintar til maratonlegende

– Etter ein del år gjekk eg lei av å springe 100 og 200 meter, du veit at om ein er for sein i starten er dagen øydelagt.

GJEKK LEI AV 100 METER: – Du veit at om ein er for sein i starten, er dagen øydelagd. (Foto: Håkon Lie)

I august 1979 tangerte Inge Asbjørn Haugen sin personlege rekord på 100 meter. 40 år seinare er det ein heilt annan distanse som gjeld.

Ein regntung dag på Volda stadion møter me Inge Asbjørn Haugen. Han kjem snikande rundt hjørnet med joggeskoa på, sjølvsagt er dei på. Dette er trass alt mannen med flest maraton i Noreg. På overkroppen har han ei treningsjakke i dei norske fargane og med «NORGE» på ryggen. Det er ei verkeleg legende me møter denne dagen.

– Det var litt småkaldt her, eg hentar ei ulltrøye også eg, seier Haugen.

Han spring lett tilbake til bilen, han må ikkje bli sjuk no, berre dagar før Oslo maraton.

Inge Asbjørn Haugen er sprintaren frå Hornindal som blei tidenes maratonløpar i Noreg.

– Eg hadde ein stillesittande jobb. Hausten 1978 fann eg ut at eg skulle ta ondet ved rota.  På Sandane deltok eg på 100 meter og sprang på 12,7. Då blei ideen tent og eg starta som sprintar.

VETERAN: Haugen er kjend rundt om i Noreg. (Foto: Håkon Lie)

Etter nokre år som sprintar i eit godt miljø i Eid IL, blei han med ein gjeng til Drammen i 1984. Der stod Drammen maraton for tur. Maratonen var ein del av ein trippelkonkurranse, som i tillegg bestod av det 90 kilometer lange skirennet, Grenaderen. Og sykkelrittet, Trondheim-Oslo.

Ikkje vore skada sidan 1986

Med dette var det gjort, Haugen heldt fram med å delta i maraton. Han passerte etter kvart 100 maraton, 200 maraton, 300 maraton og har i dag sprunge 589 maraton. Soleklart mest i Noreg. Med slike mengder skulle ein tru han hadde problem med både hofter og kne.

– Det er kanskje det folk er mest imponert over at eg er så lite skada som eg er. Eg hadde eit dårleg kne i 1986, eg hadde ikkje byrja springe maraton for fullt då, men eg skulle bli god. Eg sprang kvar dag i tre veker, men etter 20 kilometer tredje veka fekk eg ein smell og måtte gå dei resterande fire kilometerane, men etter det har det gått bra.

Så du har ikkje vore skada sidan 1986?

– Nei, ikkje alvorleg.

Det er med andre ord ein sprek 66-åring som er på Volda stadion denne dagen. Sjølv om det har blitt flest maraton i Noreg, har Haugen også sprunge maraton i dei fem verdsdelane han lærde om på skulen.

– I Afrika har eg vore med i Marrakech og Asia har eg så vidt vore innom. Eg har sprunge langs Genesaretsjøen, i det som heiter Tiberias Marathon, men eg prøva meg ikkje på ein «walk over» slik som han i bibelen, humrar Haugen.

SPEIDAR: Inge Asbjørn kikkar ut på ein regntung Volda stadion. (Foto: Håkon Lie)

Det blir naturleg å spørje Inge Asbjørn om han siktar seg inn mot 600 maraton.

– Eg tek eit løp i gongen, men maraton nummer 600 kan kome i 2020.

Han har ikkje sett seg noko mål om at han skal springe så og så mange maraton. Han er berre takksam for at han kan gjere det han likar best.

– Eg prøver å forstå kor privilegert eg er som får lov til å vere frisk. Kor stor prosent av dei som er friske og som forstår verdien av å vere det, den prosenten er ikkje stor trur eg.

40 år sidan rekord

Når me fyrst er tilbake på stadion der han tangerte sin eigen personlege rekord på 11,8 på 100 meter for 40 år sidan er det naturleg å gjere ei reprise av løpet. I lettbeint stil joggar han bort til startstreken og startar seg sjølv.

40 ÅR SIDAN: Slik var målgangen for 40 år sidan. Inge Asbjørn Haugen nr.2 frå venstre. (Foto: Ole Martin Sæter)

Det gjeng framleis i god fart i det han passerer meg halvvegs. Han pustar tungt i det han kryssar målstreken. Det blei nok ikkje 11,8 på den tidlegare sprintaren og han utbryt sjølv.

– Det gjekk nok fortare for 40 år sidan, det gjorde nok det.

REPRISE: 40 år seinare var det reprise av 100 meteren på Volda stadion. (Foto: Håkon Lie)

Laurdag er Inge Asbjørn Haugen igjen klar for eit maraton: Då står han på startstreken i sitt 30. Oslo Maraton og sitt 590 maraton totalt. Med andre ord, maratonlegenda spring vidare og sluker kilometer på kilometer på sin veg.