Nærnett blei med på rekefiske i Vartdalsfjorden med Kjell Olav Halse

Fryktar rekefisket vil døy ut

SIN EIGEN HERRE: Kjell Olav Halse likar rekefiskarlivet, der han kan styre arbeidsdagen sjølv og vere mykje heime. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Rekefiskaren Kjell Olav Halse trur rekefisket i fjordane på Vestlandet vil forsvinne heilt dersom ikkje bruken av lusemiddel på oppdrettsfisk blir strengare.

Dei siste ti åra er talet på rekefiskarar sterkt redusert i Noreg. Rekefiskar Kjell Olav Halse frå Ørsta trur endå fleire vil gje opp dersom bruken av lusemiddelet hydrogenperoksid ikkje blir strengare regulert.

Nyleg avdekka det uavhengige forskingsinstituttet IRIS at lusemiddelet kan vere farlegare for miljøet enn ein trudde før.

– Dette har vi fiskarar meint i mange år. No har endelig forskarane begynt å høyre på oss, seier Halse.

Høyr intervjuet med Halse her:

I sjarken Harald jr.

Snøen ligg ein månad for tidleg på toppane i Sunnmørsalpane. Sjarken Harald jr. tukkar i stødig marsj ut Ørstafjorden. Styrhuset er mindre enn ei fengselscelle. Lufta er fuktigare enn i ei badstove. Klokka er åtte om morgonen. I sin svarsota mørkeblå og refleksfarga kjeledress står Kjell Olav Halse. Grunna uvêr på kysten har han og sjarken lagt til kai i tre veker. Men vêret er ikkje det einaste problemet.

Først kastar Halse den finmaska trålposen i sjøen, så følgjer 600 meter med vaier som skal lodde den til botnen. Han senkar farta ned til ein knop. Rekene held til i sanden. Ved hjelp av ekkoloddet passar fiskaren på at trålposen ikkje kjem inn på steingrunn. Er han uoppmerksom, kan trålposen henge seg fast. Da blir fisket øydelagt.

Saktefiske: For å skåne dei fine maskene i trålposen og spare drivstoff, held sjarken 1 knop under trålinga. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth. 

Kjell Olav Halse smørjer seg brødskiver og byr på pulverkaffi. Autopiloten styrer båten. Han er aleine, men snakkar stadig med fiskarar og andre venar over telefon. Før fangsten skal opp, fyrer han opp gassbrennaren der rekene skal kokast.

DET BLIR IKKJE FERSKARE: Rekene kastast rett i det kokande vatnet. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth.

Etter nokre timar i sneglefart, dreg han inn trålen. Først tauar han inn fleire meter i minuttet. Plutselig stoggar vaieren. Den gneisar og skrik, og rikkar seg berre nokre centimeter. Vil den halde?

– Vi heng fast i eit eller anna, seier Kjell Olav og fyk ut av styrehuset.

– Rekene er vekke frå fjordane

Seksten år gammal tok han hyre på ein fisketrålar.

– På den tida var det ikkje skiftordningar. Vi jobba fleire månadar i strekk og fekk berre nokre dagar på land før vi reiste ut igjen, seier Kjell Olav.

I 1987 tok han over sjarken til far sin, og begynte for seg sjølv. Det var rekefiske om våren og sommaren, seifiske om hausten og torsk om vinteren.

– Rekefisket er rolegare, men ikkje keisamt. Det gav meg moglegheita til å vere mykje meir heime, seier han.

I 1998 tok Kjell Olav ein ti år lang pause frå rekefisket.Sidan da har rekene forsvunne frå fleire av fjordane han  er så glad i. Da han slutta, var Vanylvsfjorden eitt av dei beste rekefelta på Søre Sunnmøre. Da han begynte å fiske der igjen i 2007, fekk han ingenting.

– Eg trur det er lusemiddelet som har skylda. Reka er vekke i fleire av fjordane langs kysten. Heilt frå Rogaland til Nordland. Om ingenting blir gjort, fryktar eg rekefisket i fjordane på Vestlandet forsvinn heilt. Lakseoppdrett gir store inntekter til landet. Det vi held på med har mindre økonomisk betydning. seier han.

EINSAMT YRKE: – Ein må vere ekstra forsiktig når ein er aleine på sjøen, seier Kjell Olav. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth.

– Ikkje sikkert lusemiddelet har skulda

– Forskinga på dette er viktig, men vanskeleg å uttale seg om før resultata er klare om eit år, seier Ketil Rykhus. Han er fagsjef for miljø og helse i Sjømat Norge, som er landsforeininga til fiskeri- og havbruknæringa.

– Det har fram til no vore allment akseptert at hydrogenperoksid berre skader skalldyr i umiddelbar nærleik til oppdrettsanlegga. Dersom det viser seg at desse negative effektane har eit vidare omfang, må vi ta grep, seier han.

Hydrogenperoksid hemmar skalldanninga til insekt og skalldyr, mellom anna lakselus og reker.

– Næring- og fiskeridepartement har sagt dei vil følge føre-var-prinsippet i denne saka. Det betyr at fiskeoppdrettarar vil få strenge regler mot å bruke lusemiddelet til dei endelege resultata ligg klare, seier Rykhus.

Han trur det kan vere fleire årsaker til at rekene forsvinn.

– Fangstresultata har vore store, også i dei åra oppdrettarane har brukt mykje av lusemiddelet, påpeiker Rykhus. Han viser til Havforskningsinstituttet sine årlege rapportar, som viser at både fjord- og kyst-rekebestandane er berekraftige.

– Dei lokale variasjonane vi ser i rekefisket kan ha fleire årsaker, meiner Rykhus.

KRAFTPLUGG: Vinsjen drar inn den 600 meter lange vaieren som loddar trålposen til sjøbunnen kor rekene sitter. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Dagens fangst

Tilbake i sjarken får Kjell Olav Halse til slutt løyst trålposen. Han begynner sakte å dra trålposen med fangsten opp i båten. Det ser ikkje lovande ut.

– Eg trur det blir dårleg med reker. Vi får ta ut av posen og sjå, seier han.

Kjell Olav Halse skil ut rusket frå rekene, og hiv dei i det kokande vatnet.

– Det her kan du ikkje samanlikne med dei frosne rekene i butikken, seier han kry, og tek ein bit.

Hovuda og skala kastar han i havet. Over kjølvatnet flyg måsane. Men det vert ikkje noko festmåltid for dei. Kring tjue reker er ikkje mykje å dele på for fiskar og fugl.

Fakta om reker og hydrogenperoksid

  • Det siste tiåret er talet båtar under 11 meter som fiskar reker i Noreg redusert frå 130 til under 100 fartøy.
  • Hydrogenperoksid (H2O2) vert brukt til avlusing av oppdrettsfisk.
  • Det vert rekna som det mest miljøvenlege lusemiddelet, sidan det vert brote ned til vatn og oksygen på kort tid.
  • Stoffet hemmar skalldanninga til insekt og krepsdyr.
  • Skadar og tap forårsaka av lakselusangrep er eitt av dei største helsemessige og økonomiske problema for oppdrettsnæringa.
  • Kjelder: Fiskeridirektoratet og Legemiddelverket