Garasjebrann i Åmdalen

Ei mogleg årsak til brannen kan vere propangass.

Både brannvesen og politi rykka ut til Åmdalen i Ørsta kommune etter melding om brann i ei garasje like over kl. 14.30. Då var garasjen allereie overtent, skriv Møre-Nytt. Møre og Romsdal 110-sentral melda på Twitter kl. 15.03 at dei hadde kontroll på brannen.

Ein person fekk behandling av helsepersonell på staden etter mistanke om inhalering av røyk.

Ulf Rognstad frå Ørsta brannvern fortel til Møre-Nytt at ein bubil vart redda ut av garasja, og at ei mogleg årsak til brannen kan vere propangass.