Politiet: – Vi er godt bemanna, og skal ha mange patruljer både i og rundt sentrum

Godt bemanna ved Oktoberfest i Stryn

FESTHELG: Det populære arrangementet går av stabelen for 12. gong i helga, og både politi og festivalen sjølv stiller med over 100 vakter. (Foto: Lene Flataker)

Til helga vert det ompamusikk, bartar, dirndl og lederhösen når Stryn Ping Pong Club arrangerer Oktoberfest i Stryn for 12. gong. 55 vakter skal i sving kvar dag, i tillegg til politi, brannvesen og helsepersonell.

Billettsalet har auka i takt med interessa for det populære München-inspirerte arrangementet, og fleire tusen menneske tek turen til fagre Stryn til det fleire omtalar som årets høgdepunkt. 

Stryn Ping Pong Club arrangerer Oktoberfest i Stryn for 12. gong. For å sikre både område og publikum, skal over 100 vakter i sving i helga.

– Vi har 55 vakter kvar dag

Terje Mundal, vaktsjef hjå Oktoberfest i  Stryn. (Foto: Privat)

Terje Mundal er vaktsjef hjå Oktoberfest i Stryn, og fortel at dei har selt fleire tusen billettar til arrangementet.

– Totalt har vi selt 3400 billettar. Vi har også eit stort aldersspenn blant publikum, alt frå barnebarn til bestemødre. Vi har hatt folk frå Oslo, Nord-Norge, Bergen, Stavanger og fleire andre plassar. Det viktigaste er at folk likar seg her, og kjem tilbake, fortel Mundal.

For å sikre både område og publikum er det mange vakter i sving. Om noko alvorleg skjer, er dei godt budde.

– Vi har 55 vakter kvar dag. Det er også mange brannmenn som skal vere vakt, så der er vi sikra.

Han legg også til at vaktene har god kommunikasjon med brannvesen og politi.

– Dei hjelper til dersom det er noko. Også ambulanse er inne på området når dei kan, samt Stryn Røde Korps Hjelpekorps. Dei skal ha eit eige telt ved inngangen, og dei går saman to og to med samband.

– Stort fokus på å oppretthalde ro og orden

Vidar Stavik, politioverbetjent i Stryn og Hornindal. (Foto: Privat)

Vidar Stavik, politioverbetjent i Stryn og Hornindal lensmannskontor, seier at også politiet er godt førebudd til årets Oktoberfest.

– Vi får hjelp frå UP, Eid og politistudentar frå Førde og Florø. Vi er godt bemanna, og skal ha mange patruljer både i og rundt sentrum.

Han fortel også at dei kjem til å ha stort fokus på å oppretthalde ro og orden i sentrumsområdet.

– Inne på området har det av erfaring gått veldig rolig for seg. Dei vaktene som arrangøren har sjølv, er flinke til å halde orden der. I sentrumsområda har vi hatt tendensar til at det har vore uro. Vi kjem til å ha stort fokus på å oppretthalde ro og orden i hovudgata, bensinstasjonsområda og i gatene, seier Stavik.

Tidleg ute med å førebyggje

Han legg til at det var ein del uro i fjor, som gjekk ut på slåsting, drikking på offentleg stad, urinering og forsøpling.

– Det var også veldig mykje unødvendig køyring i gatene. Det kjem vi også til å ha fokus på i år, og vi er tidleg ute med å førebyggje. Personar som ikkje følgjer våre tilvisingar, vert bortvist frå sentrumsområdet, legg Stavik vekt på.

– Vi ynskjer også alle velkomne til Stryn kommune, og håpar alle får ei kjekk helg. Vi skal bidra til dette, så sant folk oppfører seg som normalt, avsluttar Stavik.