Hærverk på tre-støtter

Nokon gjorde hærverk på tre-støtter i Ulsteinvik sentrum i helga. Kostnaden blir til saman på om lag 12 000 kroner.

– Vi likar sjølvsagt ikkje dette, seier Odd Kåre Wiik ved teknisk etat i Ulstein kommune

Eit av trea nokon har kutta støttebånda på. Foto: Odd Kåre Wiik.

Det skal vere kutta støttebånd på 40 tre.

Kommunen skriv på  nettstaden sin at trea står på kommunal grunn langs Sjøgata. Det skal også ha blitt gjort hærverk på tre på grøntanlegga til Ulstein hotell, samt på sjøsida. 

– Nye støtteband inkludert arbeid, kostar om lag 12 000 kroner. Dette er penger vi vi gjerne kunne nytta til noko heilt anna. Uansett – no har vi tinga vøling (vøle: sette i stand) og vonar vi er ferdige med dette, seier Wiik vidare til nettstaden. 

Trea skal vere relativt små, og difor treng dei støtteband i fortsatt nokre år, om dei skal stå imot haust- og vinterstormar. 

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.