Eit stykke historie 

Historiespalta Humberset Bil & Mek

Maskineriet: Odd Johan Humberset viser at maskineriet i den gamle verkstaden fortsatt fungerer. Til venstre i biletet er ein knottgenerator (vedgassgenerator), som vart brukt på bilar. Foto: Sigurd Lein Hernes

I den eldste delen hjå Humberset Bil & Mek, er det eit lite stykke industriell historie. Dei laga til dømes bussar i edeltre.

– Det er så mykje rot her som ikkje høyrer til. Det er so gale, seier Asbjørn Humberset. Han står nede i den eldste delen av verkstaden han i dag driv. 

Far hans, Odd Johan Humberset (69), har god kontroll på historia til familieverksemda som vart bygd og starta der den står i dag i 1912 av bestefar hans, Britanus Humberset.

– Han bygde først eit hus inne på Humberset med broren sin, men så saga han av halve huset og flytta det ut hit, fortel Odd Johan. 

Odd Johan starta sjølv å arbeide i den gamle verkstaden i 1964, før han så tok over bedrifta frå far sin offisielt i 1980. No i dag er han pensjonist og har gitt firmaet vidare til sonen Asbjørn, men han er fortsatt og hjelper til spesielt på hausten og våren når det er stor pågang i bilverkstaden. 

Han seier at det i denne verkstaden har blitt laga mykje – alt ifrå våpen og hestevogner til bilar og bussar. 

VERKSTADEN: Odd Johan Humberset står midt i verkstaden kor han sjølv byrja å arbeide i 1964. Han fortel at det på ei tid vart laga våpen her.                            Foto: Sigurd Lein Hernes

Laga bilar i alle merker

Ei av kystkjerrene dei laga står framleis i andre etasje på verkstaden. Han fortel at dei laga firehjuls-kjerre og høyvogner til mellom anna bønder. Dei laga også ei spesial-slede/kjerre til dyrlege Eng, som hadde både hjul og slede. 

Odd Johan fortel at dei starta å byggje lastebilar i 1920, og bussar mot midt på 20-talet. Då vart dei satt saman utanfor sjølve verkstaden, under eit halvtak med ein vegg mot elva.

– Vi laga bussar, lastebilar, varebilar og bilar – i alle merker, fortel han.
Dei produserte mellom anna Piano-bussar for Cappelen. Dei var laga av edeltre og lakka i ein veldig fin farge, fortel han. 

– Det vart bygd iallfall seks bussar og 350 bilar her, men på 60-talet slutta dei å byggje bilar, seier han. 

Støypte alt som gjekk an

På den tida var dei avhengig av støyperiet, sidan dei var avhengig av støypegodset som dei tilarbeida. Den siste tida, då dei slutta med å tilarbeide støypegods, fekk dei støypegods frå Hamar som ikkje hadde god nok kvalitet samt at det vart høge fraktkostnader. 

– Her støypte vi alt som gjekk an, fortel Odd Johan. 

Det har òg vore ein skifabrikk i andre etasje på den gamle verkstaden, ifølgje Odd Johan. Det var ein av tre skifabrikkar i Volda, og der laga dei treski. 

– Det har vore mange snikkarbedriftar som har starta opp i andre etasje over verkstaden, fortel han. 

TRESKI: I andre etasje vart det mellom anna laga treski, fortel Odd Johan Humberset. Det er mange snikkarbedriftar som har starta opp i dette lokalet.                Foto: Sigurd Lein Hernes

Noko dei har laga mykje av hjå Humberset Bil & Mek, er høvlar. Dei har mellom anna nokon av dei ståande i verkstaden. 

– Dei siste støypehøvlane eg laga, var i 1983 eller 1984, fortel Odd Johan Humberset.

Ynskjer å opne opp

I hovudetasjen på verkstaden er det ting og tang overalt i rommet. Ein må ha auga opne for å ikkje snuble i noko. Taket er svart av sot. Over knottgeneratoren, som arbeidsfolka varma seg på mellom slaga i det elles kalde rommet, er det eit varmeskjold.

I taket heng det ein løpekatt.

– Når høvlane var ferdige heiste vi dei opp i løpekatten, før ein så drog det bortover rommet til døra, fortel Odd Johan.

Han fortel at han fekk litt kulturmidlar frå fylkeskommunen for om lag 25 år sidan – til å skifte vindauga i første etasje av den gamle verkstaden. 

Skal han verkeleg få rydda opp, seier han at han treng meir stønad.

– Om de får rydda opp her nede, tenkjer de då å opne for publikum?

– Eg hadde planar om det då. Eg hadde lyst til at folk skal kunne kome inn å sjå her, seier Asbjørn Humberset.

– Men det forpliktar at vi får stønad, legg Odd Johan til. 

Odd Johan fortel at han ynskjer å ta vare på historia.

– Det er så mykje historie her, at det har kunne vorte ei stor bok, seier han.