Det burde vore gratis

Hjernehinnebetennelse

Russestyret. Russepresident Eirik Sjøhelle Eiksund (til høgre) meinar fleire hadde teke vaksina om den hadde vore gratis. Foto: Privat

Sist veke laga NRK ein sak om at nokon fylker i Noreg får gratis vaksine for hjernehinnebetennelse, blant anna Hordaland. Men det var mange fylker som ikkje kom med same tilbodet. 

I Volda kommune må elevane betale 400 kroner for å ta vaksina. Russen blir anbefalt å ta vaksina før russefeiringa sidan dei er svært utsette for å bli smitta. Men er prisen ein hindring for å ta vaksina?  

Toril Høydal, som er leiar for helsestasjonen i Volda, fortel at dei har eit opplegg på Vidaregåande skule der dei har ein intensiv dag for vaksinering.

– Dette  gjer at me har hatt svært god oppmøte på 80-85% av elevane. Dei har då i forkant meldt seg på vaksinering sånn at me har fått bestille nok antall vaksinar.

Ho trur likevel at det er  potensiale for at fleire hadde vaksinert seg om den var gratis. 400 kroner kan vere mykje pengar for enkelte elev/familie.

Randi Maud Mork, leiar for elevrådet for Volda vidaregåande skule, trur at det påverkar somme sidan den ikkje er gratis. Ho påpeikar at det er alltid nokon som ikkje tek vaksina men om det er av økonomiske grunnar er ho ikkje sikker på, men det er vel ikkje noko vi kan utelukke. Det kan hende her hadde vore endå fleire som tok den dersom det var eit gratis tilbod til iallefall alle som er russ, eller skal på utveksling eller liknande.
 

Russen vart  spurt om prisen på vaksina påverka dei til å ta den. Av dei som svara på undersøkinga, sa 76 nei, mens 6 svarte ja. Det var også 96 som svara at dei trudde fleire hadde teke den om den hadde vore gratis.

Russepresidenten Eirik Sjøhelle Eiksund seier at han så vitt han veit, tok dei aller fleste vaksina tideligare i vinter, men det var sikkert nokon som lot være. Om dette skyldast pris eller om dei rett og slett ikkje gadd veit han ikkje. Sjølv trur han alle russ hadde teke vaksina dersom tilbodet hadde vore gratis. Dei har fått mykje informasjon om hjernehinnebetennelse tideligare i haust og dei fleste av dei veit om risikoen.