No kan fleire skyte meir hjort i Volda

Hjortejakt

REDUKSJON AV MINSTEAREAL HASTEVEDTATT: Formannskapsmøte i Volda kommune 13. mars 2018. Foto: Beth-Kajsa Fure Elveos.

Formannskapet i Volda kommune hastevedtok 13. mars ein reduksjon av minsteareal for hjortejakt i Volda.

I 2017 kosta hjortepåkjørsler samfunnet 1,3 millionar kroner på landsbasis. Talet på påkjørsler etter at Kvivsvegen opna september 2012 har auka, og i 2016 og 2017 vart det påkøyrt høvesvis 26 og 36 hjortar. 26 av dei 36 hjortane som vart påkøyrt i 2017 døydde av påkøyrselen eller vart avliva seinare. Det er ikkje gjort ei fullverdig kalkyle for kostnadar med hjortepåkjørsler, men eit mogleg gjennomsnittleg kostnadsoverslag som er blitt brukt, er 50.000kr. 

Minstearealet for godkjenning av vald, fellingsløyve og grunnlag fordeling av fellingskvote er då 400 for heile kommunen. Foreskrifta trer i kraft straks, og opphevar på same tidspunkt fastsett minsteareal for Volda kommune i forskrift 1. april 2002 nr. 334 om høve til jakt etter elg, hjort og rådyr. Endringa av minstearealet vil tildele fleire løyver, og dermed redusere hjortestammen.

Eit minsteareal på 400 er då det same som i Ørsta kommune, og gjev moglegheiter for samarbeid ved å danne bestandsplanområder på tvers av kommunegrensene.