To rekordår på lisensskyting av hjort på Sunnmøre

Hjortepromlematikk på Søre Sunnmøre

LIKAR HJORTEN: Sjølv om hjorten til tider et mykje av avlinga, er Erlend Koppen glad i hjorten. (Foto: Ina Christin Løvseth)

Det er rekord mykje hjort på Søre Sunnmøre. I Velsvika mistar Erlend Koppen til tider halve avlinga si.

– Det er synd hjorten ikkje er her for å ta dykk i mot!

Det er storfebonde og styrerepresentant i Volda/Dalsfjorden bondelag Erlend Koppen som snakkar.

Han tar i mot Nærnett på garden sin, som sit høgt oppe i lia med kongeutsikt over Velsvika og Eiksundet.

– Eg har vel vore bonde i omlag 30 år no, og hjort er noko eg er blitt vand med, forklarar Koppen medan han viser veg ned i hagen.

Han stansar opp, og peikar ned mot skogbrynet nedanfor huset.

– Her kjem hjorten ut, stort sett kvar dag heile året. Omlag 20-30 dyr kjem ut på morgonkvisten og på ettermiddag eller kveld. Dei et og et, forklarar bonden og held fram.

– Eg trur eg kan seie at eg mistar 50 prosent av avlinga mi kvar sommar, seier Erlend Koppen med eit skeivt smil.

Artikkelen held fram under biletet.

ET AVLINGA: Hjorten forsyner seg godt av avlinga til Erlend Koppen. Koppen har sjølv rekna seg fram til at dei et til ein verdi av 60 000 kr. (Illustrasjonsfoto: Kyrre Fitje) 

To rekordår

På kommunehuset i Volda sentrum sit Peder Magnussen. Han er viltansvarleg i kommunen.

– Vi er nøydt til å skyte fleire koller. Vi har skutt rekord mange dyr to år på rad no, i fjor med 574 dyr, då på 669 kvoter. I år har vi auka kvota til 728 dyr.

I følgje Magnussen blir det tatt ut for få produksjonsdyr, altså unge koller.

– Vi har skutt meir hanndyr enn hodyr. Hodyra er produksjonsdyr, men jegerane vegrar seg for å skyte hodyra fordi dei ofte går med kalv. Det er vanskelig å skille ei ung kolle frå ei eldre. Det er lettare med bokkane sidan der kan du sjå det på geviret, forklarar Magnussen og utdjupar.

– Det er kollene som produserer nye kalvar. Når ein skyt bokkar går ikkje det like mykje ut over bestanden av dyr.

Artikkelen held fram under biletet.

Erlend Koppen viser fram kvar hjorten kjem ut av skogbrynet. (Foto: Ina Christin Løvseth)

Tilbake i Velsvika nemner Koppen andre grunnar til at jegarane skyt bokkar.

– Mange jegarar synest vel at det er litt stas å skyte ein kronhjort med mange taggar, forklarar bonden.

Han meiner at kvotene må bli meir konkrete.

–Når vi vert tildelt kvote får vi ein kalv, ein bukk og så gjerne eit fritt dyr. Dette handlar om kva ein skyt på det frie dyret. Då meiner eg at ein burde skyte kolle, men ofte så skytast gjerne ein bukk i staden.

Koppen presiserar at han ikkje trur det er ei dominerande haldning å skyte kronhjort. Og at redselen for å gjere ein kalv foreldrelaus også kan vere ein faktor.

­All fritid til jakt

Koppen får derimot støtte frå noko uventa hald.

– Eg trur at å skyte dei riktige dyra, er viktigare enn talet på dyr. Vi må ta ut produksjonsdyra om vi skal kutte ned stammen. Det er vanvittig mykje hjort no, seier jegerblogger Joakim Pettersen.

Han tar oss i mot i uthuset på eigendomen sin på Mork i Volda. Lyden frå drillen slår tilbake frå dei kvite betongveggane. Jegerbloggaren brukar all fritida si på hobbyen.

Når han ikkje sjølv er ute, brukar han tida på alt frå førebuing av kjøttstykke, til bleiking av skallar.

Det er det siste han bruker tida på når vi møter han.

– Det er ein fin syssel. Eg tok jegerprøva for tretten år sidan no, og sidan den gong har eg på mange måtar vore hekta, forklarar Pettersen mens han målar to skallar opp mot kvarandre.

JEGER: Jakta har tatt viltjeger Joakim Pettersen over heile verda. (Foto: Bim Zachrisson Totland)

Jakta har tatt den unge familiefaren til store delar av Nord-Europa. England, Skottland og Sverige har jaktområde som han trives godt i.

– Det er fint å vere ute, eg har alltid likt det. Ein vanleg fjelltur på sommaren gir meg ikkje så mykj. Men kjensla av å sitte ute i haustlufta med ein kaffikopp, adrenalinet av å drive med snikjakt eller å sitte under måneskinet på natta. Det er noko heilt spesielt med det.

– Bonden må ha siste ordet

Jaktreisene til utlandet har lært jegeren mykje om jakt og viltforvaltning i forskjellige land.

– I Norge fungerer forvaltninga i bunn og grunn godt. Kanskje med unntak i ulv. Vi må forhalde oss til bonden, han har siste ord og sånn skal det vere, seier Pettersen og utdjup.

– Det er klart ein forstår frustrasjonen til bonden om ein ser kor mykje ein hjort kan beite på ei natt. Dette er mat bonden treng til dyra sine, spesielt på vinterstid.

Stygg vinter kan gi konsekvensar

Den etterkvart rutinerte jegaren er derimot bekymra for konsekvensane om ein skyt ut mykje hjort over kort tid.

– Det er alltid litt etterslep på konsekvensane når ein skyt produksjonsdyr. Eg trur kvota er litt for høg no, men vi merkar kanskje ikkje konsekvensane før om tre-fire år. Hjorten skal jo reprodusere også, forklarar Pettersen.

– Om vi til dømes får ein tøff vinter, er det vanskeleg å berekne konsekvensane. Ein tøff vinter kan ta livet av langt fleir dyr enn jaktsesongen.

Pettersen fortel at Norge kanskje har noko å lære av England og Skottland.

– Der borte er normen at ein skal alltid la unge og friske bokkar gå. Dette for å halde gode genar intakte. Då vert ikkje sjølv dei beste og største dyra skotne. Då får ein eit konstant tilskot av unge, friske bokkar. Eg meiner ein kunne gjort skytinga meir aldersbestemt i Norge og. Då ville også fleire koller blitt skotne.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ JAKT: Joakim Pettersen på jakt tidlegare i haust. FOTO: Ane Thingstad. 

Kunne ikkje tenke seg å skyte ut alle

Tilbake i Velsvika står Koppen igjen ute på tunet sitt. Formiddagen er gått og hjorten har endå til gode å vise seg fram nede på bøen.

– På hausten kan han komme veldig nærme hagen her. Han er ikkje sky for kyr eller menneskje. Dei står berre å studerer oss.

Tross for dei økonomiske tap, er Koppen blitt glad i naboen i skogen.

– Det er litt kjekt å sjå at kalvane på våren. Dei spring rundt å leikar på beitet mitt. Det er ein del av naturen, det er fint å sjå, seier Koppen før han avsluttar.

– Eg vil ikkje skyte ut all hjorten, på langt nær. Men dei siste åra har det kanskje blitt litt mykje.