Høgre-leiar i oppheita Facebook-krangel om varaordførarløn

Ivar-Otto Kristiansen

FACEBOOK-KRANGEL: Ivar-Otto Kristiansen (H) tok til tastaturet torsdag kveld, og publiserte fleire innlegg der han anklaga påtroppande varaordførar i Volda Sverre Leivdal (Ap) for korrupsjon. (Foto: Arkiv)

Leiar i Volda Høgre, Ivar-Otto Kristiansen, brukar ord som korrupsjon i fleire Facebook-innlegg om stillingsprosenten og løna til den nye varaordføraren i nye Volda kommune.

«Ivar Otto - no må du dempe deg. Som kommunalt tilsett bør du vite at løn til ordførar eller varaordførar ikkje er lovregulert - det er ei budsjettsak, skriv ordførar i Volda Jørgen Amdam som svar i eitt av innlegga til Kristiansen.»

VOLDA: På ein pressekonferanse torsdag ettermiddag vart det presentert at stillingsprosenten til varaordførar i nye Volda skal hevast frå 30 til 40 prosent.

På kveldstid torsdag publiserte Ivar-Otto Kristiansen, leiar i Volda Høgre, ei rekke innlegg på Facebook der han ytra sterke meiningar om godtgjerdsla til Sverre Leivdal (Ap), som er påtroppande varaordførar i nye Volda kommune.

Les også: Varaordføreren svarer Høyre-leder: – Det er nesten litt komisk

Bør kutte i stillingsprosent og løn på grunn av ugilde

Kristiansen skriv at om ordføraren har så mange saker ho er ugild i, så bør ein gå ned i stillingsprosent med likt kutt i løn og at varaordførar bør få dei stillingsmidlane.

– Så kan varaordfører få av dei, på lik måte som Jørgen Amdam gjorde med Fride S. Sortehaug i Venstre.

Ho var varaordførar i Volda frå 2015 til 2018.

REAGERER: Ivar-Otto Kristiansen tok til tastaturet torsdag kveld, og stilte spørsmål om påtroppande varaordførar Sverre Leivdal sin stillingsprosent og løn. (Faksimile: Facebook)

Torsdag var det klart at det er Sølvi Dimmen (Sp) som tek over ordførarklubba etter Jørgen Amdam. Ho er gift med høgskulerektor Johann Roppen, og kan derfor bli ugild i saker om Høgskulen i Volda.

Kristiansen skriv også at det er skremmande at Sverre Leivdal, påtroppande varaordførar, og Sølvi Dimmen ikkje kjenner lovverket dei no skal forvalte.

– Skandale at du for eiga vinning gjer ulovleg avtale

Leivdal svarar på Facebook-innlegget med å spørje kvar Kristiansen har dette tullet ifrå.

– Har du sett kva dei finne på i Sunnfjord? Løn har ikkje vore tema i det heile tatt i forhandlingane. Alle partia i konstelasjonen er einige i at det vert krevjande å bygge ny kommune. 

Torsdag kom det fram at Jenny Følling, den nye varaordføraren i Sunnfjord kommune, skal arbeide i fulltidsstilling og få 1,3 millionar kroner i varaordførarløn. Dette fekk mange til å reagere. Etter mediestormen kalla Sunnfjord-ordførar Olve Grotle inn til pressekonferanse på Rådhuset i Førde. Hovudbodskapen var no at Følling si løn skal vere 75 prosent av ordføraren si løn. 

– Skandale at du for eiga vinning gjer ulovleg avtale, svarar Kristiansen og legg til at ein bør få etterspel på dette.

– For dette er korrupt med innbyggerane sine pengar. Beløpet er ikkje avgjerande, skriv han vidare.

Han legg også til at det på pressekonferansen vart sagt at det var viktig å komme på 40 prosent for å sikre pensjonspoeng, og spør om et er lovheimel i avtalen som har blitt gjort.

Ei hovudårsakane til at stillingsprosenten til Leivdal vert heva, er meirarbeidet knytt til samanslåinga av dei to kommunane.

– No trur eg du må roe deg litt ned. Har ingen problem med å stå for avtalen som er gjort. Dette handlar på ingen måte om personleg vinning, til det har eg ein altfor god jobb i det sivile, svarar Leivdal.

Kvar skal pengane kome frå?

I innlegget la Kristiansen ved kapittel og paragraf frå kommunelova, som handlar om dei folkevalde sine rettigheiter og plikter.

– Kun kommunestyret kan forplikte ein slik avtale. Dykk tek på førehand at dette vert vedteke med fleirtal og forpliktar kommunen. Kvar skal dykk ta pengane frå? Symjebassenget til Volda? Skule? Barnehage, spør Kristiansen.

Han spurde også det var eigedomsskatten som skulle finansiere varaordførarløna.

VIL HA SVAR: Kristiansen krevar svar frå Leivdal på kvar dei vil hente pengane for å dekkje varaordførarløna. (Faksimile: Facebook)

– Du veit godt at eit komande fleirtal kan gjere avtalar om politiske og budsjettmessige prioriteringar. Så må dette sjølvsagt vedtakast i handsaminga av 2020-budsjettet. Ingenting er avgjort før budsjettet er i havn, svarar Leivdal.

Kristiansen spør om det er budsjettdekning for dette.

– Sjølvsagt er det budsjettdekning for dette. Det skal vedtakast nytt budsjett for 2020, så dette er ikkje noko problem, svarar Leivdal.

– Som i politikken ellers, tek dette ingen ende. Det er i alle fall ikkje til innbyggjarane sin fordel, blir berre meir i skatt og avgifter for menigmann. Så holdt dykk på eit edruelig lønnsnivå, dykk skal tross alt tene innbyggjarane, og ikkje dykkar eiga lommebok, vert det skrive av ein av dei som engasjerte seg i det oppheita Facebook-innlegget.

I siste innlegg frå Kristiansen anklagar han om korrupsjon.

– Korrupsjon saman med SV og Raudt. Ja, det er skremmande at dei brukar pengane før dei kjem inn, og ulovleg! Uredelig å lure innbyggjarane på denne måten.

Amdam svarar

Fredag føremiddag tok ordførar Jørgen Amdam (Ap) til tastaturet.

– Ivar Otto - no må du dempe deg. Som kommunalt tilsett bør du vite at løn til ordførar eller varaordførar ikkje er lovregulert - det er ei budsjettsak. Som alle andre saker må ein då skape rom for ei slik løyving i budsjettarbeidet, skriv han.

Han seier at han alltid har vore i full stilling som ordførar i Volda, og at denne på ingen måte har vore redusert, før han fortel kvifor han reduserte løna si frivilleg.

FORKLARAR: Ordførar Jørgen Amdam forklarar kvifor han frivilleg reduserte løna si. (Faksimile: Facebook)

– På grunn av at eg har pensjon frå Statens pensjonskasse, som utgjer 66% av professorlønn, fann eg det urimeleg på toppen å motta full ordførarlønn og som i Volda er normert til lønn for stortingsrepresentantar. Eg ba dermed og fekk innvilga halv løn. Frigjorte midlar blei dels nytta til å auke lønn til varaordførar og resten stilt til disposisjon for formannsskapet til ulike gode tiltak.

Amdam kommenterer at auka i løn til varaordførar blei dels grunngjeve med at den var urimeleg lav i Volda, og etter kvart også mykje ekstraarbeid med kommunesamanslåing.

– Etter denne endringa mottek ikkje varaordførar møtegodtgjersle. Eg gjer merksam på at løn/godtgjerdsle til ordførar- og varaordførar, og som til andre politiske verv, er ei budsjettsak. Ut frå mine erfaringar med stadig aukande ekstern verksemd, større kommune og ein stadig vanskelegare stat politisk sett, treng Volda varaordførar i 40 prosent stilling, avsluttar Amdam.

Fleire av politikarane i Volda har engasjert seg i saka.

– Det handlar ikkje om pengane

Kristiansen seier til Nærnett at han står for alt han har skrive i Facebook-innlegga.

– Uansett kva Sverre Leivdal seier, så var vi i kontakt med Ap om eit samarbeid. Det handlar ikkje om pengane. Det handlar om det at dei snudde etter å få fått pengar på bordet. Eg står for alt det eg har sagt.