– Vi oppmodar også til å unngå nærkontakt mellom hundar

Hundesjukdommen som herjar landet

FORTVILA: Fleire hundeeigarar har uttrykt fortviling og usikkerheit i media rundt hundedødsfalla og kva som skjer. (Illustrasjonsfoto: Asbjørg Mo)

I løpet av den siste veka har 26 hundar døydd etter å ha fått blodig diaré. Det har blitt registrert to tilfelle i Møre og Romsdal der symptoma har vore like den herjande hundesjukdommen.

Fleire hundeeigarar har uttrykt fortviling og usikkerheit i media rundt hundedødsfalla og kva som skjer.

– Men, den akutte hundesjukdommen som har herja i landet et truleg ikkje veldig smittsam, meiner Veterinærinstituttet.

Liknande symptom i Møre og Romsdal

Onsdag ettermiddag skreiv Mattilsynet i ei pressemelding at fleire hundar skal obduserast dei komande dagane, og i tillegg analysere prøvemateriale frå sjuke hundar.

Dei veit framleis ikkje årsaka til sjukdomstilfella, men at i tilfelle der det bur fleire hundar saman i same dyrehold, er det berre ein hund som har blitt sjuk.

– Prøver frå døde hundar viser funn av dei to bakteriane Providencia alcalifaciens og Clostridium perfringens, skriv Mattilsynet.

Totalt har dei motteke informasjon om sjukdomstilfelle med liknande symptom frå Oslo, Akershus, Nordland, Vestfold, Aust-Agder, Vest-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Buskerud, Hedmark, Rogaland, Østfold, Sogn og Fjordane og Telemark.

– Vi oppmodar til å unngå nærkontakt mellom hundar

Henriette Wiik Larsen er veterinær og dagleg leiar hjå Veterinærkontoret AS i Ulsteinvik.

– Vi har hatt liknande sjukdomstilfelle i vårt distrikt, men ingen som har sikker samanheng med tilfelle på Austlandet. Det er vel og merke ikkje uvanleg med symptom som blodig oppkast og diaré, og dette ser vi no og då gjennom heile året, seier ho.

Ho fortel også at symptom som blodig oppkast og diaré kan ha mange ulike årsaker.

– Det er kun i Oslo-området det har vore uvanleg stor førekomst med eit meir dramatisk forløp. Eg kjenner ikkje til at hundar har døydd her i området i det siste etter eit slikt sjukdomsbilete, fortel Wiik Larsen.

Ho seier også at Veterinærkontoret tek hygieniske førehandsreglar, og brukar separate rom, inngang og utstyr ved liknande sjukdomstilfelle.

– Vi oppmodar også til å unngå nærkontakt mellom hundar på venterom og utanfor klinikken. I tillegg er det viktig å nytte hundepose og plukke opp etter hunden sin.

Dette er Mattilsynet sine råd til hundeeigarar

  • Avgrens nærkontakt med andre hundar. Hold hunden i band.
  • Ein bør unngå samlingar av hundar.
  • Ikkje la hunden helse eller snuse på andre hundar på tur.
  • Unngå at hunden snusar på eller ete ting i grøfta der andre hundar har vore.
  • Kontakt veterinæren dersom du oppdagar blodig diaré, oppkast og raskt svekka allmenntilstand hjå hunden din.
  • Ring veterinæren før du tek med deg ein akutt sjuk hund til klinikken.
  • Følg vaksineanbefalingane veterinæren gir.