Innfører betaling for elbilar

Innfører betaling for elbilar

BETALING: No må ein betala for elbil på fleire ferjestrekningar i Møre og Romsdal. Foto: Henrik Røyne

På fleire ferjesamband på E39 vert det elbil-takst. Strekninga Volda-Folkestad er ein av fire ferjestrekningar i Møre og Romsdal som vert ramma. 

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Øystein Folden, meiner at viss ein veljer å køyre bil så skal det lønna seg å køyre elbil.

 –​Me ynskjer jo generelt at flest mogleg skal velja kollektivt, men viss ein har valgt å køyre bil, er det masse som tyder på at elbil er eit betre alternativ enn vanleg bil, fortel Folden. 

Nye reglar frå 1. mars 

Før måtte elbilarsjåførar betala kun for sjåføren, og ikkje for bilen. Med reglane som vert innført no, betalar elbilane halv pris av ordinær køyretøypris. Reglane vert innført 1.mars, og det er Fjord1 og Norled som innfører dette. 

Folden meiner at det skal lønna seg å køyre miljøvenleg.

 –​Prisen vert vel ganske lik som før. Det er bra at dei sender ut eit signal om at det skal lønna seg å køyre elbil. Det burde koste meir å køyre fossilbil enn elbil, meinar Folden. 

Saka vart fyrst omtalt av stord24.

 

 

 

Takstendringa gjeld og desse ferjestrekningane i Møre og Romsdal: 

  • Molde-Vestnes (Lokalrute 33).
  •  Festøya-Solavågen (E39).
  •  Halsa-Kanestraumen (Lokalrute 48).