Volda HK siktar mot ligatittelen

Volda HK Kvinner

KLARE FOR KAMP: Volda HK sitt kvinnelag skal ut i dyst på søndag i Voldahallen. FOTO: Ove Krumsvik

På søndag klokka 16:15 tek Volda Handball damer imot Glassverket 2 til kamp i Voldahallen.

Så langt denne sesongen har handballdamene til Volda vunne alle sine 16 kampar, og tronar med det på toppen av sin avdeling i 2. divisjon, 6 poeng føre Hønefoss på 2. plass. Søndagens motstandar ligg foreløpig på ein 7. plass.

— Vi veit ikkje heilt kva vi kan forvente før denne kampen, då motstandaren er eit andrelag. Det gjer det vanskeleg å vite kva spelarar dei sender hit, seier Volda sin trenar, Halldor Stefan Haraldsson.

Uansett kva lag dei sender forventar Haraldsson ein tøff kamp. I det motsette oppgjeret tidlegare denne sesongen slo Volda drammenslaget med tre mål, 27-30. Glassverket 2 skal i tillegg spele mot Bergsøy på laurdag, berre eit døgn før kampen mot Volda.

To ulike utgangspunkt

Dei to laga har hatt ganske ulike sesongar. Volda har så langt i år levert solide resultat på løpande band, og har foreløpig ikkje avgitt poeng. På spørsmål om kva som har gjort denne sesongen så bra, legg Haraldsson vekt på det mentale:

Volda trenar Halldor Haraldsson
GOD MORAL: Volda sin trenar Halldor Stefan Haraldsson skryt av moralen til laget. FOTO: Arkiv

— Vi har ein god moral i gruppa, og dette, saman med den store treningsviljen til gjengen har vore viktig. Vi er ein gjeng som liker å trene, fortel han.

Der Volda har til gode å tape poeng denne sesongen, har Glassverket 2 hatt mindre stabile resultat. Før sin kamp mot Bergsøy på laurdag, har dei tapt fire kampar på rad. Dette mot lag som kjempar om topp-plassane i ligaen, saman med Volda. Foreløpig ligg dei ann til ein plassering midt på tabellen.

Håp om opprykk

Sjølv om dei har vunne samtlege kampar denne sesongen, held Haraldsson beina planta på jorda. Han vel å ta dei resterande kampane av sesongen ein etter ein. Volda treng to sigrar på dei seks siste kampane for å sikre seg ligatittelen.

— Først ønsker vi å vinne ligaen, så vil vi ta ting derifrå. Opprykk til 1. divisjon har alltid vore noko som har motivert oss denne sesongen, og med sesongen vi har hatt så langt, håpar vi naturlegvis på eit opprykk, seier Haraldsson.

Det å bevare sigersrekka gjennom sesongen ønsker han ikkje å tenkje på enda, men han legg ikkje skjul på at dei vil bli skuffa dersom der skulle kome eit tap. Med seks kampar igjen av sesongen er der framleis mykje som kan skje, og sesonginnspurten blir kasta i gang på søndag.