Olden kan bli best i verda

Oversiktsbilde over Olden, med to cruiseskip i hamn.

STOR KAPASITET: Ventura og MSC Orchestra ligg her til hamn i Olden. Dette er to av dei største skipa som kjem til den vesle bygda som kan bli kåra til Årets hamn i år.

Olden/Loen Hamn er blant tre kandidatar som kan vinne prisen som Årets hamn i verda.

Denne veka kan hamna i Olden/Loen bli kåra til Årets hamn i verda på den årlege cruise-messa som i år blir arrangert i Hamburg. Den er nemleg ein av tre finalistar i kåringa, som blir avgjort på onsdag.

Andre gong på to år

Dette er heller ikkje første gongen hamna i indre Nordfjord er med i kampen om å kunne bli kåra til Årets hamn.

– Det er strålande. Heilt fantastisk at vi no er med i kampen om denne tittelen igjen. Vi har vore her ein gong før, i 2017, då British Virgin Islands i Karibien vant. Det at vi igjen er med i nominasjonen må vi ta til oss, seier Sølve Oldeide, driftsleiar ved Nordfjord Havn til Nærnett. 

Saman med Yokohama i Japan og Zadar i Kroatia kjempar dei no om å kunne kalle seg Årets hamn i verda. 

«Kven kan få denne prisen? En hamne-autoritet som har som har gjort store forbetringar på sine fasilitetar og/eller cruise-turist infrastrukturen gjennom dei siste 12 månadane,» står det om kriteria for denne prisen på arrangøren sine nettsider.

Ventura og MSC Orchestra ligg til hamn, og kan sjåast frå Olden Cruise Park.
UTSIKT FRÅ CRUISEPARKEN: Frå Olden Cruise Park har ein utsikt mot cruisa som ligg i Olden.

Prosjekta i Olden

Gjennom det siste året har mykje skjedd i Olden. I juni 2018 opna den nye tenderkaia i Olden, ei kai laga for cruiseskipa sine livbåtar. Dette gjorde det lettare for fleire cruiseskip å ligge i Olden på same tid, og letta på trafikken ved kaia i Olden når turistar no kjem i land på to ulike stader.

Sidan tenderkaia opna har det så blitt arbeidd med å gjere området rundt denne kaia meir imøtekomande for turistar. Dette prosjektet har ført til opninga av Olden Cruise Park tidlegare i år, med bussoppstillingsplassar, toalettfasilitetar og benkar for turistane som kjem i land her.

Bilde av Olden Cruisepark.
CRUISEPARKEN: I vår sto Olden Cruise Park ferdigstilt, og er det første som møter turistar som kjem i land frå skip som ligg til anker.

Samtidig som desse prosjekta har blitt gjennomført, har også aktivitetstilbodet i kommunen blomstra. 

– Det har blitt investert i den nye klatreparken i Stryn, som vi ønskjer å få lagt til i vårt utfluktsprogram, nemner Oldeide som eitt av aktivitetstilboda som det siste året har dukka opp. 

Saman med klatreparken har ein også gondolbana i Loen og isbrear i området som lokkar turistar til kommunen.

Over 100 anløp

Gjennom store delar av vår-, sommar- og haustmånadane kjem der cruiseskip til Olden med ujamne mellomrom. Denne sesongen, som byrja i april og sluttar så seint som november, er det venta i overkant av 100 anløp til Olden/Loen.

Det største cruiseskipet som har teke turen til Olden denne sesongen er MSC Meraviglia, som ved inngangen av året var det femte største skipet i verda.

I slutten av august var det også heile fire cruiseskip i hamn i Olden/Loen på ein dag, som gjorde at både tenderkai og infrastruktur-logistikk fekk testa seg. 

På onsdag kveld får ein svaret på om utbetringane som har skjedd ved hamna i Olden/Loen har gjort den til den beste hamna i verda.