Warholm tok VM-gull

Karsten Warholm VM-finale Doha

GULLGUT: Karsten Warholm forsvarte VM-gullet frå 2017. Foto: Norges Friidrettsforbund

23-åringen frå Ulsteinvik sto i mot presset, og forsvarte VM-gullet frå London på 400 meter hekk i Doha.

– Det er vanskeleg å gjenskapa suksess, og det er så stort for meg og det er umogleg å skildra nesten, seier Warholm til NRK etter løpet.

Les også: Slik reagerte Ulsteinvik på gullet til Warholm

Heidra trenaren sin

Som vanleg fekk trenar Leif Olav Alnes mykje skryt for suksessen.

– Eg og Leif hadde ein prat då eg gjekk til call-room, og det samarbeidet me har betyr så mykje og det ser ein i dag. Det er dei store begivenheitane og me klarar å kome her å gjera det beste ut av det.

– Eg hadde klart mest press på meg og hadde veldige gode gutar eg måtte slå. Å takla det presset, kome over nervane, det krevst så mykje forarbeid. Me har snakka om dette løpet så mykje, og å stå her med ny gull-medalje er så sjukt at eg veit ikkje kor eg skal begynna, fortel han til NRK.

MYKJE PRESS: Warholm fortalde etter løpet at det har vore mykje press, og at han er utruleg nøgd med å levera når det gjelder. (Foto: Norges Friidrettsforbund)

Gulløpet

Før løpet var det venta at amerikanaren Rai Benjamin og Abderrahaman Samba frå Qatar kom til å vera dei største konkurrentane for nordmannen. Og slik vart det også. 

Som vanleg opna Karsten utruleg hardt, og han fekk frå start av ei lite leiing. Men Rai Benjamin hang godt med, og gav ikkje Warholm ein centimeter meir enn han måtte.

Ut på oppløpet hadde Dimna-løparen ei lite leiing på amerikanaren, men ingenting var avgjort. Det var kamp heilt inn til mål, men Warholm holdt på leiinga han hadde, og sprang inn til sitt andre VM-gull.

Tida til Warholm, 47,42 sekunder, var ikkje ned mot verdsrekord som mange hadde håpt for førehand, men det var nok til å verta verdsmeister. 

VM-gull nummer to var i boks.

Rai Benjamin frå USA (47,66 sek) tok sylvet og Abderrahaman Samba (48,03 sek) frå Qatar tok bronse.