KFUM Volda utgjer nesten halve drøymelaget i Eliteserien

KFUM Volda Volleyball i angrep under Eliteturneringa før sesongstart.

PÅ RUNDENS LAG: Marie Brænde (til høgre, nummer 17) er ein av tre KFUM Volda Volleyball-spelarar som er med på drøymelaget til volleyballforbundet etter den første helga med kampar. (FOTO: Stine Lund Trøan)

Etter at KFUM Volda Volleyball fekk ein pangstart på sin sesong i Eliteserien med to sigrar av to moglege, har tre av Volda sine spelarar blitt inkludert på drøymelaget til volleyballforbundet.

KFUM Volda Volleyball sitt damelag gjekk ubesigra gjennom den første helga med kampar i sin første sesong på Norges øvste nivå på 43 år, og delar med det tabelltoppen med Randaberg IL etter helgas kampar.

– Det overraska meg

Prestasjonane denne helga har også ført til at KFUM Volda sine spelarar har blitt lagt merke til på nasjonalt nivå. På drøymelaget til Norges Volleyballforbund har heile tre KFUM Volda-spelarar blitt inkludert, og dei utgjer med det nesten halvparten av spelarane på dette laget.

Blant dei spelarane som har fått plass på dette drøymelaget er KFUM Volda sin kaptein, Vilde Femsteinevik Stakseng. Ho fortel til Nærnett at ho ikkje hadde forventa å kome med på dette laget.

– Eg synest sjølvsagt at det er veldig kjekt å kome med på drøymelaget. For å være heilt ærleg er eg ganske overraska over det, ettersom eg veit kor mange flinke spelarar det er i Eliteserien, seier ho.

Vilde Femsteinevik Stakseng smiler breidt etter kampen.
OVERRASKA: Vilde Femsteinevik Stakseng var overraska over at ho var ein del av volleyballforbundet sitt drøymelag etter den første kamprunda.

No håpar ho på å bruke denne kåringa som motivasjon vidare i sesongen, der dei allereie på laurdag skal møte topplaget, og den tapande finalisten frå fjorårets NM, Randaberg IL i Voldahallen.

– Eg får ta med meg denne runden som ein boost vidare i sesongen, seier ho.

Etter kampane mot TIF Viking og Førde, der KFUM Volda vann 3-1 og 3-0, er Stakseng spelaren i Eliteserien som står som den beste serveren, etter å ha sikra seg sju serve ess. Den neste på lista er TIF Vikings Tora Aksnes som har fem.

Tre av sju frå KFUM Volda

Saman med Stakseng på rundens lag finn ein også oppleggar Ylva Ullaland Bjørdal og diagonalen Marie Brænde. Dermed er tre av sju spelarar på drøymelaget KFUM Volda-spelarar.

Heller ikkje Brænde hadde forventa å kome med på dette drøymelaget, særleg ikkje i posisjonen som diagonal.

– Eg synest det er kjekt å bli ranka som nummer ein som diagonal, og dermed bli inkludert på drøymelaget. Men eg er også overraska ettersom eg fram til no berre har spela midt i Eliteserien, seier Brænde til Nærnett.

– Det er veldig kjekt å få ein så god start på sesongen, og få dei resultata vi har fått, seier ho.

KFUM Volda har også tre spelarar på benken på dette drøymelaget, i form av Julie Bakkebø, Hedda Jonette Øvereng og Ralitsa Emilova Georgieva.

Sjå Nærsynets reportasje frå helgas kampar i videovindauget under.

Drøymelaget:

Marie Brænde - KFUM Volda - Diagonal

Elinor Sema Karlsen - Oslo Volley - Midt

Tora Aksnes - TIF Viking - Kant

Vilde Femsteinevik Stakseng - KFUM Volda - Kant

Mille Solvik Kjosås - TIF Viking - Midt

Ylva Ullaland Bjørdal - KFUM Volda - Oppleggar

Tora Føyen - NTNUI Volleyball - Libero

Drøymelaget til volleyballforbundet blir rekna ut utifrå spelarane sine prestasjonar gjennom kampane. Spelarane får poeng for vellukka serve, blokk og angrepsspel, og blir deretter rangert utifrå spelarane sin posisjon. For ein fullstendig oversikt kan du følgje lenka her.