Internasjonale studentar viser klimaengasjement på Høgskulen i Volda 

Klima-streik

STREIK: I overkant av 20 internasjonale studentar visste fredag si misnøye med klimaendringane. (Foto: Ina Christin Løvseth) 

I samband med at millionar av menneskje frå heile verda tar til gatene for klimaet, arrangerte studentorganisasjonen Natura klimastreik på høgskulen. 

 

 – Dette var ein veldig spontan ide, så oppmøtet er nok litt prega av det. 

Det seier klimastreikar, Lise Hendrixq frå Frankrike til Nærnett under klimastreiken i kantina på Berte Kanutte, hovudhuset på høgskulen. 

– Ideen kom berre forrige veke, så vi har ikkje hatt så god tid til å planleggje, forklarar Hendrixq før ho held fram. 

– Vi skulle sjølvsagt gjerne sett fleire på streik, men vi er nøgde med oppmøte. Dette handlar om å auke merksemda rundt problemet, også her til lands. Det er viktig at folk kjenner til utfordringa og engasjerer seg. Det må takast tak i med ein gong. 

ENGASJERT: Flere studenter ved Høgskolen i Volda streiker i dag for klima. (Foto: Ina Christin Løvseth)

Kjent det på kroppen

Hendrixq er sjølv vaksen opp i Frankrike, og meiner at engasjementet kanskje er større lenger sør i Europa. 

– Vi har nok kjent utfordringa meir på kroppen. I Frankrike har vi hatt fleire somrar med skyhøge temperaturar og tørke. Her i nord har kanskje ikkje klimaendringane rukke å gjort dei store endringane.

Ho trur hetebølgene i Europa er mykje av grunnen til vekkinga blant unge. 

– Det er vår framtid. Vi ser kva som skjer med planeten vår og blir uroa av det. Difor trur eg at ting begynner å skje no. 

Hendrixq kom til Norge for 4 år sidan, då som ein del av Erasmus-utviklinga. Ho vedkjenn at ho har sett endring i innstilling, også her til lands. 

– Det skjer ting og mykje har endra seg dei siste åra. I vår streika jo eit stort antall av elevane på barne- og ungdomskulane i Volda. Eg trur ein begynner å sjå endringane her i nord også, og at det påverkar dei unge. 

– Bra studentane engasjerer seg

Høgskuledirektør Karen Lomedal Jacobsen, seier ho er nøgd med at studentane engasjerer seg for klima, sjølv om det betyr at studentar må droppe undervisning.

 VIKTIG: Karen Lomedal Jacobsen seier det er viktig å engasjere seg for klima. (Foto: Ina Christin Løvseth)

– Det er viktig at ein tek eit standpunkt og at dei unge her i Volda viser at ein må ta klimautfordringane på alvor.

For to år sidan valde høgskulen å gå for miljøfyrtårnsertifiseringa.

–Vi ville å ha eit kvalitetsstempel på det arbeidet vi gjere, samt vere sikre på at det vi gjere er bra, seier ho. 

Sjølv om oppmøte for streiken kunne vore betre er ho likevel nøgd med fokuset som dei engasjerte studentane syner.

– Eg håper at der kjem enda fleire neste gong, og vil sjølv oppmode studentar til å streike for klima.

Hyller Thunberg

Gjennom det siste året har den svenske 16-åringen Greta Thunberg skapt mykje blest rundt klimaspørsmålet. Gjennom klimastreik og tordentale har Thunberg engasjert fleire unge til gatene.

Hendrixq trur Thunberg er viktig. 

–  Ho er ein føregangsmodell for oss alle. Ho viser vegen, då blir det lettare for fleire av oss å engasjere seg i saka, forklarar Hendrixq og utdjupar. 

– Eg trur ikkje alle treng å gjere det ho gjer, alle må kjenne sine eigne rammer å vise sitt engasjement på sin måte. Men det er kjekt at så mange som mogleg stiller til arrangementa våre.