– Kommunane må få eit større handlingsrom til å satsa tungt på klima

klimasatsing på kommunenivå

KLIMAMIDLAR: Rune Sjurgard vil ha ei samordning mellom kommune og staten på satsing på klima. (Foto: Simone Kofod Nørgård)

Rådmann i Volda, Rune Sjurgard, reagerer på at regjeringa ikkje tar meir høgde for klimautfordringar på kommunenivå i det nye statsbudsjettet.

Sjurgard meiner at regjeringa er nøydd til å ta meir ansvar ovanfor kommunane. 

– Eg tenkjer på den dugnaden kommunane må vera med på for å få ned CO2-utsleppa. Og så tenkjer eg på det som går på klimatilpassing. Me får meir ekstremvêr, og me må førebyggja mot skred og ras og slike ting, seier rådmannen i Volda. 

Kommunane vert overlate til seg sjølve

Rune Sjurgard meiner klimaarbeidet er for fragmentert, og synes kommunane vert overlate til seg sjølve i kampen mot klimautsleppa.

– På mange måtar så opplever eg det. Det er klart at kommunen må ta eit ansvar, men eg trur at ein kan få ein betre effekt viss staten tek eit iniativ til å få fram eit felles kunnskapsgrunnlag og at ein kanskje gjennom fylkesmenna kunne fått ein betre samordning og ulike tiltak.

Blir ein litt liten i dette landet i klimakampen?

– Mykje kan ein gjera gjennom godt arbeid i kvar enkelt kommune, men for å få ein samordna innsats er ein nøydd til jobba mykje meir systematisk over heile landet, slår Sjurgard fast.

Forventar meir midlar til klima

Auka klimasatsing betyr også at ein må bruka meir pengar, noko Sjurgard meiner er på sin plass viss ein skal satsa tungt på klimaet.

– Med tanke på å satsa tungt på klima, så forventar eg at ein kunne lagt inn midlar som hadde vore målretta for den satsinga. Likevel frie midlar, men at kommunane får eit større handlingsrom til å satsa tungt på klimatiltak.

– No har dei lagt inn ei auke på det som går på tilskot til flaum og rassikring, frå 349 millionar i statsbudsjettet i 2019 til 505 millionar i budsjettet i 2020. Då veit eg ikkje om det er basert på ei kartlegging, det burde det sikkert vore, men vil nok tru at det her eit det behov for adskilleg meir pengar for å gjera dei naudsynte førebyggjingstiltaka, meiner rådmannen.

Vil ha samordning

For ikkje lenge sidan kom det ei tilskotsordning som heiter "Klimasats", der kommunar og fylkeskommunar kan søkja om midlar til ulike klimatiltak.

Sjurgard er positiv til det, men trur at samordning må til for å få ei effekt av klimasatsinga.

– Det er sjølvsagt positivt, og det er mange positive bidrag i dette og det er eit eige kapittel som omhandlar klima, og det står mykje bra der. Det som eg har uttala meg om er at eg forventar at ein får ei samordning av dette. Det er mange kommunar i landet og det er ulike størrelsar på dei, og om ein hadde fått ei samordna drahjelp trur eg hadde vore nyttig for å få ein større effekt av klimasatsinga, avsluttar Rune Sjurgard.