KIWI Hall-CUP utsett på ubestemt tid

Korona: Fotball-cup i Volda vert utsett

I denne hallen skulle fotballcupen vert spelt. FOTO: Aksel Hallan Halmøy

27.-29. mars skulle fotballfesten for barna gå av stabelen. Av omsyn til fare for koronasmitte blir arrangementet utsett.

– Vi skal gjøre alt i vår makt for å få arrangert på et senere tidspunkt. Medaljene ligg klare!

Det skriv Volda Fotball på si Facebook-side. 

Kiwi, Volda Fotball og Ørsta Fotball hadde planlagt ein fotballcup for barn mellom sju og femten år. 

– Det var ei kjip avgjersle å ta. Mykje jobb er gjort. Premiar var på veg i posten og barn gler seg. Men det var ikkje ei vanskeleg avgjersle å ta. I idrettsverda er vi vane med dugnad, og no gjer vi det vi kan i ein stor, viktig samfunnsdugnad, seier klubbleiar for Volda Fotball, Solveig Storeide.

Storeide uttalar seg på vegne av Cupnemda.

Vidare fortel ho at dei ikkje har fått direkte oppfordring, men at dei følgjer med i media. Slik som situasjonen er no, var det uaktuelt å gjennomføre arrangementet.

– Det har berre kome positiv respons etter avlysinga. Det er heilt klart at folk tenkjer at dette var det rette, seier Storeide til Nærnett.

I kunngjeringa på Facebook begrunna arrangørane valet slik:

"Fotballcup skal vere kamp, aktivitet, moro, smoothie, besteforeldre på sidelinja, pølse i brød, smil, latter, premieutdeling, jubel, klemming, FairPlay-helsing, blodig alvor og leik".

"Det skal IKKJE vere usikkerheit, frykt, tiltak, lite publikum og Korona..."