Kripos er kopla til i Maja Herner-saka

Kripos er kopla til i Maja Herner-saka

SAKNA: Polske Maja Herner har vore sakna i over ti månader. No skal Kripos sjå på saka. (Foto: Pressefoto/Politiet)

Leitinga etter polske Maja Herner (25) har hittil vore resultatlaus. No skal Kripos sjå på saka, men det kan gå fleire månader før arbeidet er ferdig.

Maja Herner har vore sakna sidan onsdag 21. november 2018. Den siste sikre observasjonen var i ei matvareforretning i Ørsta i 13.30-tida dagen ho forsvann.

Fleire hundre frivillige var med i søket

Ho fortalde til vennane sine at ho skulle på ein fjelltur den dagen, utan å gi inntrykk for kvar turmålet var. I 14.30-tida parkerte ho bilen sin der alle andre brukar å parkere når dei skal gå oppover Skåla i Ørsta.

Saknameldinga kom fire timar seinare, då ho ikkje hadde møtt til ei kveldsvakt i vaskefirmaet ho nyst hadde byrja å jobbe i. Politiet slo full alarm.

Store leitestyrkar, hundar og helikopter var i sving til langt på natt. I dei påfølgande dagane deltok også fleire hundre frivillige med i søket.

Søket, som fyrst vart omtalt som søk etter sakna kvinne, gjekk over til å vere søk etter antatt omkomen søndag ettermiddag 25. november.

Kripos kopla til i saka

Torsdag 26. september møttest lokale etterforskarar og Kripos på Volda og Ørsta lensmannskontor. Dei blei orientert om leitinga etter Herner. Politiet i Møre og Romsdal har også gjort alt av materiale tilgjengeleg for Kripos i etterforskinga av saka.

– Etterforskinga begynner å nærme seg slutten. Vi har ikkje funne noko som tyder på at ho er blitt utsett for ei straffbar handling. Men all den tid ho ikkje er funne og sidan det er mange spekulasjonar og teoriar, tenkte eg at Kripos kunne få anledning til å sjå gjennom saka om det skulle vere eit eller anna dei meiner vi skulle gå meir i djupna på, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Skovly reknar med at det raskt vil gå eit par månader før Kripos er ferdig med arbeidet.

Fleire søk, men utan hell

– Hittil har vi ikkje den eksakte ruta Maja har gått, men vi gjer undersøkingar ut ifrå basestasjonsdata frå mobilen hennar og høgda i fjellet der dei siste signala vart plukka opp, sa Frode Halse Digernes til Sunnmørsposten 1. august. Han var fungerande lensmann i Ørsta på dette tidspunktet.

I haust har det vore nye rundar med søk, både med helikopter, dronar, Røde Kors og politi.

Torsdag og søndag sist veke var politihelikopteret i lufta over området. Det vart ikkje gjort nokon interessante funn.

På fredagen var også Ørsta Røde Kors Hjelpekorps i terrenget under Vallahornet for å søkje på nytt, utan nokon funn eller svar.