Volda styrer mot opprykk

Kruser vidare mot ligatittel

MÅLSHOW: Anette Berg (t.h) var med på å gjere livet surt for bortelaget. Foto: Ove Krumsvik. 

Volda Handball tok sundag ettermiddag eit nytt steg mot første divisjon, då dei slo Glassverket 2, 33-10.
 

- Me er rett og slett mykje betre enn alle andre, smiler Volda-trenar, Halldór Stefán Haraldsson.

Eit Volda-lag som før denne kampen hadde vunne 16 av 16 moglege kampar, og leda klart på toppen av tabellen. Glassverket 2 låg midt på tabellen, og var godt inneforstått med at det ville verte ei tøff oppgåve å få med seg noko frå ein vanskeleg bortekamp.

Etter ein litt slurvete start på kampen, var det Volda som kom best i gong og leda med 4-0 etter 6 minutt spelt. Kombinasjonen keeper til ving- kontring i mål og gode skot frå bakspelarane var noko av suksessoppskrifta til Volda i den første omgangen. Samt eit solid forsvar som, forutan nokre slurv her og der, hadde stålkontroll på angrepsspelet til eit idèlaust bortelag. Heimelaget leda med åtte mål til pause.

I andre omgang vart det aldri særleg spanande, og det vart meir og meir overkøyring ifrå dei suverene serieleiarane. Fyrste mål for bortelaget kom ikkje før etter 20 minutt spel, og dei stod berre igjen med 2 fattige mål i den andre omgangen. Volda kunne med det rullere meir på laget og kvile nøkkelspelarar.

- Berre to mål i ein omgang har me vel aldri sett i andre divisjon, løyd det ifrå speakeren som gjennom kampen var tydeleg på kven han ville motivere vidare.

Haraldsson er godt nøgd med det han har sett av laget sitt denne sesongen.

Ein roleg og beherska trenar var etter kampslutt nøgd med deira syttande siger på rad.

Han trekker særleg fram eit solid forsvarsspel, og påpeiker at mykje strukturert trening, analyse av motstandarane og bredde i stallen er nøkkelen til suksess. Jentene er fokuserte og har trua på prosjektet, legg han til.

Positivt var det også at Vanessa Sunde Hoel, som har vore lenge vekke med skade, fekk speletid og fekk med seg eit mål, til stor jubel ifrå heimefansen.

- Me går for home run, slår islendingen fast, når det no gjenstår berre fem kampar i serien.

Supporter-gjengen til Volda, Froskeberget, er fast inventar på heimekampane til Volda, og har ståltrua på at dei skal vinne dei resterande kampane, og han føler seg trygg på at det greitt skal la seg gjere etter det dei har sett til no i sesongen.

Jubelen ser aldri ut til å ta slutt.

- Sesongen har vore eit einaste langt eventyr å følgje frå sidelinja, seier Geir Egil Kristiansen, som er medlem av heia-gjengen.

Volda har no vunne alle sine kampar, og kruser vidare mot ein overlegen ligaseier. No gjenstår berre fem kampar, og Volda treng kun ein siger til for å vera heilt sikre på gå til topps i 2.divisjon avd. 3. Deretter venter kvalifiseringsrundar for Haraldsson og damene.