Kva er fartsgrensa her?

Bilde av utgangen av rundkøyringa.

Ut frå rundkøyringa på Furene, i retning Ulsteinvik er det ingen skilt som kan fortelje kva fartsgrensa er. Til tross for at dette kan skape forvirring, vel Vegvesenet å ikkje setje opp skilt.

Dette er fordi det er trafikkreglar som seier at fartsgrenser kan bli satt, sjølv om der ikkje er skilt som indikerer ny fartsgrense.

– Vi følgjer rett og slett vanlege norske trafikkreglar, fortel Anne Marit Øksenvåg Johansen, pressekontakta ved Statens vegvesen.

Eit spørsmål som går igjen

Regelen ho siktar til gjeld generelle fartsgrenser i Norge.

– Alle fartsgrenser varer berre til det neste krysset. Dersom det i det påfølgjande krysset ikkje kjem eit nytt skilt, så føl ein dei generelle fartsgrensene som ein har i Norge. Det vil seie at fartsgrensene er 80 km/t utanfor tettbygde strøk, og 50 km/t i dei tettbygde strøka, fortel Øksenvåg Johansen.

Ho presiserer at det er i dei særskilte fartsgrensene det skal bli skilta, slik som i 70-sona som ein køyrer i like før ein kjem inn i rundkøyringa på Furene.

Paul Leinebø ved Rotevatn Trafikkskule kan fortelje at sjølv om det er vanlege trafikkreglar som tilseier at fartsgrensa i tunellen skal vere enten 50 km/t eller 80 km/t, så er det fleire som er usikre på kva fartsgrensa på strekninga er.

– Det er eit spørsmål som ofte går igjen. Det er ikkje alle som får med seg den biten om at ein brukar både skilt og vegmerking til å fastsetje fartsgrenser. Dei fleste er vande med å berre følgje skilta, fortel han.

Gul stripe som indikator

Når det ikkje er skilta ut frå eit kryss, vil dei generelle fartsgrensene gjelde. Men om det er 80 km/t eller 50 km/t som er gjeldande fartsgrense, må ein bruke gule-stripa til å finne ut av dersom det ikkje er skilta.

– Det er 80 km/t utanfor tettbygd strøk. Det kan ein sjå på vegmerkinga i midten av vegen. Dersom den gule stripa er lang, så er det 80 km/t, er den kort er fartsgrensa på 50 km/t.

Viser overgang fra fartsgrense 50 til 70, der gul stripe blir 3 gongar så lang.
GUL STREK: Her kan ein sjå korleis den gule streken blir forlenga når fartsgrensa blir auka frå 50 km/t til ei høgare fartsgrense. ILLUSTRASJONSFOTO: Odd Sindre Tonning

Dermed vil den gule stripa i midten vere ein indikator på om ein er i det som blir rekna som eit tettbygd strøk, eller på ein landeveg. På landevegen vil både stripa og mellomrommet mellom stripene vere tre gongar så langt som det er i tettbygde strøk.

Folk er usikre

Men sjølv om det er vanlege norske trafikkreglar som blir følgde, så er det ikkje alle som er like sikre på kva fartsgrensa eigentleg er på strekninga.

Nærnett viste fram denne filmen til nokre studentar, og det var ikkje alle som var heilt sikre på kor raskt ein kan køyre ved inngangen av tunellen.

– Det er 80-sone. Ein køyrer inn i ei rundkøyring, seier Nicklas Øen, før han stoppar og ombestem seg.

– Nei vent, det er 70, fordi vi ikkje får nokon beskjed om at det er ei ny fartsgrense. Kvifor skal ein setje opp eit skilt om at det er 70-sone like før ei rundkøyring dersom ein skal endre det like etterpå? spør han.

Eit spørsmål som går igjen blant dei spurde. Men ettersom ein køyrer inn i eit kryss, eller i dette tilfellet ei rundkøyring, så vil den tidlegare fartsgrensa utgå.

– Ikkje nødvendig å skilte

Men til tross for at desse endringane kan føre til noko forvirring og usikkerheit i trafikken, kjem ikkje Vegvesenet til å setje opp skilt ved inngangen av tunellen med det første.

– Det er dei særskilte fartsgrensene som skal bli skilta, men dei generelle sonene er det ikkje nødvendig å markere med skilting, då fartsgrenser alltid blir oppheva i kryss, seier Øksenvåg Johansen.