Veit du kvar plastemballasjen din endar opp?

Kvar enda avfallet ditt opp?

GJENVINNING: – Plasten som vert samla inn blir smelta og gjort om til granulat, også kalla «pellets». Deretter vert det sendt ut til fabrikkane som lagar nye plastprodukt, fortel Ina Osdal Saure, kommunikasjonsansvarleg i VØR. (Foto: Lene Flataker)

Hausten 2018 vart det bestemt av Grønt Punkt Norge at Volda og Ørsta Reinhaldsverk skal sende innhenta plastemballasje til eit nytt anlegg i Kristiansund. Fram til det vert realisert, blir avfallet sendt til Swerec i Sverige. 

ØRSTA/VOLDA: Måndag 9. september publiserte Dagens Næringsliv ein artikkel om plastgjenvinning og kjeldesortering i Oslo. Dei blå posane som borgarane i hovudstaden samlar plasten sin i, vert brent på ein tysk sementfabrikk, sidan desse blå posane ikkje let seg gjenvinne.

Ifølgje ein rapport frå Deloitte vert berre 21 prosent av emballasjeplasten som kastast i Norge til nye produkt.

Norsk plastgjenvinning

– Både Norge og Europa blir i større grad tvinga til å utvikle løysingar for å handtere eigen plastemballasje. Vi i VØR har ansvaret for å samle inn alt av avfall frå hushald. Deretter tek Grønt Punkt Norge over, fortel Ina Osdal Saure, kommunikasjonsansvarleg i Volda og Ørsta Reinhaldsverk.

FLINKE INNBYGGJARAR: – Innbyggjarane i Volda og Ørsta gjer ein strålande jobb når det kjem til kjeldesortering, seier Osdal Saure. (Foto: Lene Flataker)

Alle kommunar og avfallsselskap som driv med innsamling av plastemballasje frå private hushald er underlagt Grønt Punkt Norge si innsamlingsordning. Det er dei som bestemmer kvar den norske plasten skal lagrast og sendast til vidare behandling.

Tidlegare har VØR sendt innsamla plastemballasje til eit plastsorteringsanlegg i Tyskland og Nederland.

– Det var i august 2019 bestemt at eit lass med plastemballasje skulle sendast til Tyskland. Det siste lasset frå oss vart sendt til Sverige, legg Osdal Saure til.

Våren 2018 starta resirkuleringsselskapet Replast arbeidet med å byggje eit plastsorteringsanlegg i Kristiansund. I den anledning vart det bestemt av Grønt Punkt Norge at plastemballasjen som vert samla inn på Søre Sunnmøre, skulle bli sendt dit.

MYKJE SØPPEL: Voldingar og ørstingar kastar mykje papp, papir og plast. (Foto: Lene Flataker)

– Det er forhåpentligvis ikkje lenge igjen til anlegget er ferdig utbygd. Fram til då sender vi plastemballasjen til andre plastsorterings- og materialgjenvinningsanlegg i Skandinavia og Europa. Det vert bestemt av Grønt Punkt Norge, seier ho og smiler.

Voldingar og ørstingar flinke til å sortere

VØR har 19 tilsette, og nokre vikarar. Etter at papp og papir (samt plastavfallet) har blitt henta via ruter i kommunene, sorterer tilsette avfallet manuelt. Ho legg til at VØR er svært nøgde med sorteringa til innbyggjarane i kommunene.

– Innbyggjarane i Volda og Ørsta gjer ein strålande jobb når det kjem til kjeldesortering og det er tydeleg at folk vert stadig meir bevisste på plastproblematikken i dag.

SMÅ HOL: I dei gjennomsiktige posane som du samlar plasten i er det små hol. Dette fordi at det skal vere lettare å presse posane saman utan å sprekke når dei vert henta av søppelbilane. (Foto: Lene Flataker)

Ved å gjenvinne ein kilo plast, sparar vi to kilo råolje. Plastemballasje kan gjenvinnast opptil sju gongar, før den gjer meir nytte i restavfallet og som energi og fjernvarme.

Korleis gjenvinnast plasten?

Fyrst hentar søppelbilar avfallet til abonnentane i forskjellige ruter, før det vert køyrt til VØR. Så vert avfallet sortert, før Grønt Punkt hentar avfallet hjå VØR og køyrer avfallet til dei ulike anlegga. Plastemballasjen frå VØR vert no sendt til Sverige, noko Grønt Punkt Norge har bestemt. 

I plastsorteringsanlegget vert plastemballasjen mata inn på store transportband, der eigne kvernemaskiner opnar sekkane med plastemballasje. Deretter vert plastemballasjen sortert manuelt etter ulike typar plast og ynskt avfallstypar blir sortert ut.

Grønt Punkt Norge har presisert at dei har sporbarheit på all plastemballasje samla inn i frå hushald i Norge, og stiller strenge krav til mottakarar om dokumentasjon. 

I eit materialgjenvinningsanlegg for plast vert plastemballasjen vaska og smelta om til granulat, også kalla «pellets». Det blir selt vidare til råvareprodusentar som lagar nye plastprodukt av den resirkulerte plasten.

«PELLETS»: Etter at VØR har samla inn plastemballasjen, vert det sendt til gjenvinning. Det kan brukast opptil sju gongar, før den gjer meir nytte i restavfallet og som energi og fjernvarme. (Foto: Lene Flataker)

– Betre å sende det nært

Olav Øyehaug Opsvik, 1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne, er sikker i si sak. Det er betre å gjenvinne i Norge.

– MDG er opptatt av at gjenvinning vert gjort på ein forsvarleg måte. Ein må satse på å gjere det lokalt, seier han til Nærnett.

Øyehaug Opsvik nemner også at dess kortare reiseveg det er, dess betre er det.

–  Det er viktig å ha kontroll på handteringa av avfallet, og sortere «in house». Då vert reisevegen kortare, og vi vert meir sikre på at resirkulert plast kjem inn att på marknaden.