Oppdrettsanlegget Mowi risikerar dagbøter på fleire hundre tusen kroner

Lakselus

LAKSELUS: Lakselusa truar laksen i Volda. (Foto: Arkiv)

Oppdrettsanlegget på Folkestad kan få dagbøter i hundretusenkronersklassa om dei ikkje vert kvitt lakselusa.

Mowi sitt lakseoppdrettsanlegg på Rønstad på Folkestad har overskredet den lovlige lakselusgrensa seks av dei seiste sju vekene, skriv ilaks.no. Lakselusgrensa er ein del av Mattilsynets lakselusforskrift, og seier at grensa er på 0,5 vaksne holus i snitt per fisk. Dette er verdiar som Mowi sitt anlegg har vore over seks gonger i vekene 31 til 37.

Kommunikasjonssjef i Mowi, Eivind Nævdal-Bolstad. (Foto: Mowi.com)

Kommunikasjonssjef i Mowi Eivind Nævdal-Bolstad, seier at behandlinga no er i gong.

– Behandlinga starta i går og me er godt i gang. Effekten av dette vil me nok sjå nokså fort, fortel Nævdal-Bolstad.

Han anslår at behandlinga vil ta eit par dagar, men at det er litt avhengig av kor mange laksemerder som er smitta.

Grunnen til dei høge lusetala er at det har vore vanskelege forhald i Voldsfjorden for fleire aktørar, seier Nævdal-Bolstad. I tillegg har dei hatt problem med leveranse av utstyr.

– Me har opplevd lange forseinkingar frå leverandør på behandlingskapsitetar noko som har sett oss i denne svært krevande og uheldige situasjonen.

Mattilsynet har varsla dagbøtar på 333.771 kroner frå onsdag av, om oppdrettsanlegget ikkje får bukt med problemet.

– Me har ein god dialog med Mattilsynet og har god tru på at me skal kome under verdiane før dagbøtane vert sett i gang.

Håvard Løken Nystøyl, seniorforsker ved Mattilsynet

Trussel for havet

Føremålet med lakselusforskrifta er i all hovudsak å beskytte all villaks. Fjerninga av lus er ikkje noko villaks eller villaure greier på eigehand, så lakselusa er dirfor ein trussel for fleire ting, i fylgje Håvard Løken Nystøyl frå Mattilsynet.

– Om førekomsta blant fisk i oppdrettsanlegga vert for høge kan det påverke både villfisk og andre oppdrettsanlegg, forklarer Nystøyl.

Fara for å spre smitte til andre oppdrettsanlegg og til villaks aukar når det vert meir lakselus. 

– Lusa spreiar seg med vassmassene langs kysten, og om ikkje oppdrettsanlegga greier å halde seg under den tillatte førekomsten vil det kunne skape problem for meir enn fisken i sitt eige anlegg, seier Nystøyl til Nærnett.