Torunn Tusj fengja med energisk forteljing

Lesemoro for barna!

LEVDE SEG INN: Torunn Tusj fortalde om livet til Roald Dahl og fengja både barn og foreldre som hadde møtt opp på avslutninga. (Foto: Marius S. Tollaksen)

Gjennom sommaren har barn landet over delteke i lesekampanjen «Sommerles», og onsdag kveld blei det heldt avslutning på Samfunnshuset i Volda.

– Hjarteleg vel… Nei, eg byrjar på ny; Mine jenter og gutter, damer og herrer. Mitt namn er Torunn Tusj!

– Hæ? Tusj? Skal du tusje? Løyd det frå ein av ungane.

Forteljar Tusj humra og kunne avkrefte at ho ikkje skulle tusje, men å lese ei forteljing til dei tilmøtte ungane. Ho skulle nemleg fortelje forteljinga om livet til Roald Dahl.

På «scena» var det plassert eit teppe, med ein stol på. Utanom det, var det berre forteljaren som var i fokus.

Torunn Tusj heldt det gåande i 40 minutt, og med si herlege innleving underholda ho ungane frå Hornindal og Volda, samt foreldra som var med. Latteren sat lett, då Tusj veksla mellom alvor og humor, då ho fortalde.

Etter at Tusj var ferdig, var det loddtrekning for ekstrapremiar og is til ungane som hadde teke turen.

Statistikk, frå Volda og Hornindal

Før dei gjekk laus på både premie og is, fekk me lest opp statistikk på «Sommarles». Foreldre og barn kunne merke seg følgjande:

I løpet av sommaren deltok 391 born med blei 5568 bøker, og 603 925 sider lest av barna.