Må i fengsel for fyllekøyring

Må i fengsel for fyllekøyring

MÅ I FENGSEL: Ein mann i slutten av tenåra er i Søre Sunnmøre tingrett dømt til fengsel for fyllekøyring. (Foto: Arkiv)

Ein mann i slutten av tenåra frå Vanylven kommune er i Søre Sunnmøre tingrett dømt for køyring i ruspåverka tilstand.

Det var i mai 2019 at mannen køyrde av vegen og kolliderte med ein lyktestolpe ein tidleg søndag morgon. Det var store materielle skader på bilen og lyktestolpen. Det vart teke blodprøve av mannen, og promillen viste 1,12.

I retten la forsvarar ned påstand om at den sikta skulle bli dømt på mildaste måte.

I straffeskjerpande retning la retten vekt på at den sikta under delar av køyreturen hadde med ein passasjer, og at han køyrde over ei relativt lang strekning.

Mannen varsla sjølv om ulukka, og han har tilstått forholdet.

Vanylvingen er dømt for brot på vegtrafikklova og til fengsel i 21 dagar. Vidare er han dømt til å betale ei bot på 30.000 kroner og tap av førarretten for ein periode på 26 månader. Han vart også pålagt å avlegge ny full førarprøve.