Det haglar av feilparkeringar i Volda

I løpet av dei siste vekene har Nærnett-redaksjonen teke bilete av diverse feilparkeringar i Volda. – Folk gir litt faen, seier køyrelærar Ole Heggen.

Bla deg gjennom biletkarusellen for å sjå syndarane i Volda.

– Trafikktryggleiken vert redusert

Avdelingsleiar for veg og park i Volda kommune, Edvin Løfoll, fortel at feilparkeringar er noko han har lagt merke til, men han trur ikkje problemet er større i Volda enn andre plassar. Vintersesongen er verst, meiner han.

– Det største problemet er i forbindelse med snørydding der folk parkerer i gatene, slik at brøytebilen ikkje får gjort jobben sin. Trafikktryggleiken vert redusert for gåande og andre som må fram.

– I enkelte gater parkerer bilar på fortauene. Det synes eg er håplaust. Det har hendt at folk i rullestol ikkje kjem forbi på grunn av slike parkeringar, og sånt blir ein litt oppgitt av, held Løfoll fram.

I VEGBANEN: Eit døme på ein feilparkering som kan vera til hinder for andre trafikantar. (Foto: Stine Lund Trøan)

– Me har ikkje moglegheit til å oppdra folk

Edvin Løfoll har fått sett nokre av bileta i saken, og understreker at fleire av bileta Nærnett visar til er frå privat grunn. Det har ikkje kommunen noko ansvar for.

– Nokre av parkeringane var på offentleg grunn. Viss du parkerer på skrå med ræva på bilen inn i vegbanen, skjønar ein at det ikkje er bra. Me har ikkje moglegheit til å oppdra folk, men det ser litt håplaust ut, seier Løfoll. 

Parkeringsautomat?

Ole Heggen, køyrelærar i Rotevatn trafikkskule, ristar på hovudet når Nærnett visar han eit knippe av bileta av feilparkerte bilar.

Ole Heggen, køyrelærar i Rotevatn trafikkskule, meiner det er sløvheit som er grunnen til at folk feilparkerar. (Foto: Magnus Berg)

 – Det er sløvheit. Det handlar om attitude, at folk gir litt faen. Slik som den kvite bilen som parkerte på langs over tre plassar. No var det riktignok ikkje plassmangel, men likevel.

Inntil vidare har det ikkje vore mykje snakk om parkeringsautomatar i Volda sentrum for å få bukt med problemet. 

Ole Heggen er ikkje sikker på om det er naudsynt. Men han trur det kunne vore eit bra tiltak ved høgskulen, der det ofte er mangel på parkeringsplassar.

– Både ja og nei. Det er på høgskulen det fyrst og fremst er tett om bilane, så om eg skulle vore for, ville det berre vore der i fyrste omgang.

Kva synes folket?

Nærnett spurde folket i Voldas gater om kva dei synes om feilparkeringane. 

1. Kva synes du om parkeringane på bileta?

2. Burde det komme parkeringsautomater i Volda?

Janne Løfoll

Foto: Jonas Otneim Myklebust

1. – Det hadde vore litt lettare viss det hadde vore fleire og betre parkeringsplassar, fordi dette blir nødløysingar. No har eg nettopp parkert utanfor Spinneriet, og det vart ei lita nødløysing det også, det må eg berre tilstå. Det burde vore meir prioritert.

2. – Nei, det må det for all del ikkje komme. Det er lite folk i sentrum fra før. Det må ikkje bli færre.

Kjetil Myklebust

Foto: Jonas Otneim Myklebust

1. – Eg parkerte ein gong utanfor ein butikk. Då eg kom ut fra butikken, kom det ein sint mann bort til meg. Det viste seg at eg hadde parkert mellom to bilar som hadde parkert feil. Då såg det ut som eg hadde parkert feil. Men folk må prøva å parkera skikkeleg, ein kan jo blokkere for mykje forskjellig.

2. – Nei, det synes eg egentlig ikkje. Det er så trongt i sentrum at det nesten er umogleg slik som det er. 

Kari Husstadnes

Foto: Jonas Otneim Myklebust

1. – Det er jo litt dumt då. Viss ein parkerar feil så blir det ikkje plass til andre. Viss nokon fyrst startar å parkera feil, så blir det eit lite kaos. Kanskje det er for få parkeringsplassar? Eller er me litt meir slumsete i Volda?

2. – Nei, det synes eg ikkje. Det likar eg ikkje. Eg trur me må unngå parkeringsautomatar i Volda, viss ikkje reiser alle til Ørsta. Voldingane treng å parkera gratis.

Richard Bower

Foto: Magnus Berg

1. – Eg reknar med folk har det travelt. Blir dei bøtelagt? Det burde dei kanskje bli.

2. – Eg er positiv til det. Om ein parkerte slik der eg kjem frå, hadde ein fått bot.