Mann i 20-åra mistenkt for køyring i påvirka tilstand

Politiet beslagla førarkortet.

Det var natt til laurdag at vitner observerte "stygg" køyring på Hareid. Ein mann i 20-åra er mistenkt for køyring i påvirka tilstand. Politiet tok han med for prøvetaking. Politiet beslagla førerkortet, og vedkomande vert anmeldt. Det skreiv operasjonssentralen i Møre og Romsdal på Twitter kl 02.54.

Kl 03.22 måtte politiet rykke ut igjen på Hareid etter slagsmål mellom fleire personar. Politiet kom til staden. 

Også i Fosnavåg måtte politiet rykke ut etter at ein person vart også slått i ansiktet. Gjerningsmannen forlot staden. Ambulanse rekvirert.