Mann (28) tiltalt for overfallet i Halkjelsgata i Volda

Mann tiltalt for overfall

RETTSAK: Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett neste veke. Foto: Arkivfoto.

Nektar for det han er sikta for.

Følg saken videre: Overfallssaken i Halkjelsgata starter onsdag

Det var natt til 3. desember i fjor at ein rusa mann gjekk inn i eit bukollektiv i Halkjelsgata i Volda sentrum, og overfalt ein kvinneleg student.

I tiltalen står det at mannen tok kvelartak på kvinna og drog ho ut av senga ho låg i. Han skal så ha sett seg over ho og halde fram med å ta kvelartak. Kvinna fekk pusteproblem, men klarte å slå og sparke for å kome seg laus frå mannen. Ho sprang mot naborommet, medan mannen framleis prøvde å ta eller halde ho, skriv Sunnmørsposten.

Etter omfattande etterforsking vart ein utanlandsk statsborgar, busett i ein av nabokommunene, arrestert og sikta for overfallet eit par dagar etter hendinga, skriv Sunnmørsposten vidare.

Rettsaka skal opp komande onsdag og torsdag i Søre Sunnmøre tingrett.