Tenåring tiltalt for vald

Mann i tenåra tiltalt for vald

Kan straffast med inntil seks års fengsel.

Ein mann i slutten av tenåra må møte i Søre Sunnmøre tingrett etter å ha utøvd vald mot ein annan mann i Volda sentrum, skriv Sunnmørsposten.

Hendelsen skjedde natt til søndag 19. november 2017. Den tiltalte skal ha slått og skalla til den andre mannen, slik at han miste bevisstheita. Han skal også ha dunka hovudet til offeret i veggen ved ein bensinstasjon.

Han er tiltalt etter straffelova § 273, som omhandlar kroppsskade, og kan straffast med inntil seks års fengsel.