Grensejustering splittar Bjørke

Næravisa - Bjørke hovedsak (Bjørxit)

GRENDELAGSLEIAR: Svein Magne Skjåstad fortel at styret i grendelaget ikkje vil leggje føringar for medbygdningane.         Foto: Kaja Andreassen 

Innbyggjarane på Bjørke i Ørsta kommune skal stemme over om dei skal bli ein del av nye Volda kommune eller ei.

 

Innbyggjarane har fram til 1. november å sende svara på om dei ynskjer ei eventuell grensejustering til Fylkesmannen. Det fortel grendelagsleiar i Bjørke, Svein Magne Skjåstad. 

Det skulle eigentleg vere eit folkemøte på grendehuset Haukly før den tid, men no har ei gruppe kalla «Dei unge vaksne på Bjørke» lagt fram søknad om grensejustering. Det betyr at Fylkesmannen allereie no skal setje i gang ein prosess kor han skal vurdera om Bjørka skal inn i nye Volda kommune eller ei.

Du kan lese meir om den saken her: Folkemøte på Haukly avlyst.

Skjåstad fortel at spørsmålet om grensejustering har vore eit tema i alle fall i to år. Spørsmålet var kva dei skulle gjere om Volda og Hornindal blei éin kommune, og Ørsta og Volda ikkje blei slått saman. 

På den eine sida står blant anna dei som ynskjer seg meir påverknad på skule-, helse- og andre tenester som allereie vert nytta i Volda og Hornindal. På den andre sida står dei som er nøgde med løysinga dei har i dag og tilboda dei får frå Ørsta. I tillegg kjem spørsmålet om Tussa-inntektene på nærare åtte millionar i året som Ørsta risikerer å miste ved ein overgong til Volda.

inst i hjørundfjorden: Den lille grenda inst i fjorden må ta stilling til kor dei ynskjar å høyre til vidare. Foto: Even Ørjasæter
INST I HJØRUNDFJORDEN:  Den lille grenda inst i fjorden må ta stilling til kor dei ynskjer å høyre til vidare. Foto: Even Ørjasæter

Grendelaget tek ikkje standpunkt

– Styret i grendelaget vil ikkje ta stilling til akkurat kva som er fordelar og ulemper ved ei eventuell grensejustering. Det er fordi vi ikkje vil leggje føringar for kvart enkelt individ sine oppfatningar og meiningar, seier Skjåstad.

Han fortel at mange i grenda føler Ørsta har ytt bra med 
pengar til kultur og skjøtta dei på ein god måte, mens andre kanskje føler at tida som ein del av Ørsta no er over.

– Eg trur nok nokre av dei i grenda meiner ein kan få disse tenestene enklare og billigare og med meir tilhøyrsle i Volda, sidan ein brukar Volda sine tenester på mange ting allereie, fortel Skjåstad.

– Det er litt delte kjensler på dette punktet. Enkelte har tenkt at dei vil på sjukeheimen i Sæbø, og den er kanskje litt vanskeleg å sleppe fordi det er ein veldig bra sjukeheim. Det er mange ting som kanskje sit litt sterkt i folk, legg han til.

– Det handler om tilhøyrsle. Bygda har høyrt til Ørsta i over 50 år, vi har vore i lag sidan Hjørundfjord var ein eigen kommune, seier Skjåstad, og siktar til samanslåinga mellom Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta i 1964. Han hevdar at oppfatninga til kor bra det fungerer i dagens situasjon, er personleg.

– Men ting endrar seg. For 50 år sidan var det sjøen som var reisevegen. I dag er det meir naturleg å reise med bil, og då er det igjen kortast reisetid til Volda, Hornindal og Stryn.

Opp til folket

Heller ikkje Volda kommune ynskjer å ta stilling til 
grensejusteringa, fortel ordførar Jørgen Amdam. Både Volda og Hornindal har frå før takka nei til å vere med i ei utgreiing før eit eventuelt vedtak frå Fylkesmannen eller departementet er på plass, men begge kommunar har sagt ja til å delta for å svare på spørsmål frå folket i folkemøtet 27. september.

ORDFØRARANE: Volda og Hornindal vil ikkje lokke Bjørke over frå Ørsta. Foto: Arkiv

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, forstår at deler av befolkninga i Bjørke ynskjer å gå over til nye Volda.

– Det er jo klart at det ville ha vore mest geografisk fornuftig å vere ein del av nye Volda. Sidan nye E39 Kvivsvegen kom har det vorte enklare å knytte Bjørke, Hornindal og Austefjorden saman, og det har vore snakk om at dette kan vere ei løysing for framtida. Om dei vert verande i Ørsta kan det verte geografisk vanskelig.

Han fortel at folket på Bjørke allereie sender borna i barnehage i Hornindal, og at det er snakk om samarbeid med skule også.

– Det er klart at dei framleis kan gjere dette som ein del av Ørsta, ved å kjøpe tenester frå ein annan kommune, men då vil dei heller ikkje få ta del i lokaldemokratiet og påverke tenestene dei brukar, seier Lødemel. Han understreker at det eine og åleine er folket på Bjørke sitt eige val, og at dei må få bestemme sjølv utan at andre prøver å påverke dei. Ørsta-ordførar Stein Aam er einig i at det må vere opp til folket.

– Senterpartiet vil at folket rår, og det vil eg som ordførar òg. Om bjørkefolket vil til Volda er det greitt, men vi vil jo gjerne behalde dei. No har vi utarbeida ein masterplan for produktutvikling og reiseliv i Hjørundfjorden, og det prosjektet blir vanskelig å gjennomføre utan Bjørke, fortel han. 

Ønskjer å bli

– Eg meiner vi skal høyre til Ørsta kommune. Vi står best som to kommunar, seier Ola Perry Saure, som bur på Bjørke. Han fortel at det ikkje er så stor forskjell på vegsektoren i Volda og Ørsta, og at Hjørundfjorden er viktig for dei.

ELDSJEL: Ola Perry Saure
Foto: Even Ørjasæter

– Ørsta satsar på turisme i Hjørundfjorden. Då meiner eg det er uheldig at Bjørke går frå Ørsta til nye Volda. Volda har ikkje noko satsing på turisme, mens Ørsta har blitt stor på dét, hevdar Saure. Skjåstad er samd.

– Det er vanskeleg å sjå kva for satsingar Volda har hatt på turisme gjennom tidene, seier han.

Saure legg til at Ørsta har vore flinke til å dele ut kulturmidlar i bygdene, i motsetnad til Volda, og at dette tyder mykje for lag og organisasjonar i området. Han gjekk dessutan hardt ut på Facebook på måndag og fråråda sambygdingane sine til å seie ja til grensejusteringa om Volda kommune bidreg til at hovudkontoret til Mørenett vert flytta frå Ørsta til Herøy – noko Volda sin representant i generalforsamlinga, ordførar Jørgen Amdam, har signalisert at dei vil.

Han er likevel ikkje er sikker på om det blir grensejustering, sjølv om det skulle verte fleirtal for dét.

– Det er opp til departementet å avgjere dette. Eg trur ikkje dei vil gjere ei så drastisk avgjerd utan å ha eit tydeleg svar frå folket, det vil seie eit stort fleirtal, seier Saure.

  • I løpet av oktober skal det gjennomførest ei folkerøysting om innbyggjarane på Bjørke ynskjer å bli i Ørsta eller ikkje. Det treng dog ikkje vere fleirtal for å sende søknad. Innbyggjarar, grunneigere, næringsdrivande, kommunestyrar og fylkesting har initiativrett og er fri til å sende søknad om utgreiing av grensejustering. Søknadsfrist til Fylkesmannen er 1. november.
  • I mindre saker om grensejustering kor det er full eining og ingen protester, kan Fylkesmannen avgjere om det skal utgreiies. Tilfellet Bjørke vil derimot mest sannsynleg vere komplisert nok til å måtte avgjeres av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  • Ei eventuell utgreiing vil starte våren 2018, og ein endeleg avgjerd om justering innan 1. januar 2019. Endringar vil tre i kraft saman med kommunesammenslåingane 1. januar 2020.