Spent på Volda

Næravisa - Spent på Volda (Bjørxit)

MOTSTRAUMS: Maria Nikkinen Rørstad er ein av fleire unge innflyttarar som er positive til overgangen til nye Volda. Foto: Even Ørjasæter

Trass i stadig fråflytting og nedleggjingar av tilbod i bygdene dei siste åra, er det framleis nokon unge som vel å flytte til Bjørke.

Maria Nikkinen Rørstad er frå Bjørke, og flytta attende til grenda i 2011. Ho seier sjølv at det å flytte attende var valdsamt motstraums. Men med Kvivsvegen vart området meir attraktivt, og Rørstad fortel at det er mange no for tida som ynskjer å bo landleg, og ikkje inne i ein betongmur i byen. 

– Eg var klar over at eg måtte gjere noko spesielt for å overleve på Bjørke, tenkje annleis. Som resultat av dette har eg kombinert sosialt arbeid med gardsbruk, seier ho.

På spørsmål om å verte ein del av Volda, så seier ho det same som ektemannen: at dei ynskjer seg til Volda.

–  Vi er båe for å gå til Volda og Hornindal, fortel Rørstad.

– Det er mange småbornsfamiliar på Bjørke, og det er framtidige born på veg også. Sidan Bjørke ikkje lenger har skule, skal våre born gå i Hornindal. Fritida vår er der og vi handlar der, legg ho til.

Randi Myklebust og mannen Magnus Knudsen er einige. Dei tok over ein gard i Skjåstaddalen for tre år sidan, og fortel at dei er positive til å gå over til nye Volda. 

– Det er viktig for framtida til borna våre. Det er i Hornindal ungane kjem til å gå i barnehage og på skule. Då er det der det er viktig med røysterett, seier Myklebust.   

Rørstad fortel også at dei brukar ein del tenester i dei to kommunane, og at det difor høyrar med å ha røysterett i kommunen og tilhøyrsle til plassen.

I dag er det korkje skule, barnehage, lege, butikk eller postkontor igjen på Bjørke. Ørsta kommune kjøper i dag mellom anna skule- og barnehagetenester frå Volda og Hornindal. I fjor vart det betalt over 800 000 kroner for desse tenestene.

Lurar på kva dei tilbyr

Rørstad seier ho er spent på kva Volda kjem til å seie på folkemøtet på Haukly.

– Det vert spennande å sjå kva konkrete føringar politikarane vil ta. Spennande å sjå kva type politikk Volda vil føre. 

Ho meiner buplikt er eit viktig tema. Ho tykkjer det er berre positivt at folk vil bygge og vere i bygda, men meiner det vert litt kulturkrasj med store hytter som kunne kome rett frå Hemsedal.

– Det er òg eit problem at dei brukar gardar og hus som feriehus berre nokre veker i året, og som stend tome resten av tida.

Ho fortel også at Volda ikkje er ei turistkommune, slik som dei andre kommunane i nærleiken er.

– Eg er spent på om Volda har like mykje godvilje og tilbodsside med tanke på turisme som Ørsta. Bjørke har verdiar som fjord og fjell, og då må kommunen spegle dei verdiane. Ikkje berre eit storsamfunn.

Myklebust håpar på sin side at heimesjukepleia vert betre om den vert ein del av nye Volda. 

– Dette tilbodet er i dag nesten ikkje-eksisterande. Eg håpar bygda her kjem under heimesjukepleia i Hornindal, sidan det er kortaste veg, seier ho. 
Rørstad fortel at det handlar om kva dei kan få, og kva dei kan miste. Ho håpar folkemøtet kan gje dei litt meir konkrete svar frå politikarane, på enkeltsakar, kortsiktige sakar og det store biletet.

– Vi må høyre til ein plass der vi kan påverke vår kvardag, og den vil vere tett knytt til Hornindal.