Nærnett-redaksjonen er stengd

Nærnett-redaksjonen er stengd

Det blir stille på nyheitsdesken til Nærnett framover. Høgskulen i Volda er stengd for studentar, for å redusere faren for koronasmitte. Bildet er teke tidlegare denne veka. FOTO: Hild Nordal

Høgskulen i Volda er no stengd for studentar. Dermed har også Nærnett-redaksjonen måtta leggje ned arbeidet. 

Nærnett, Nærsynet og Radio Volda er journaliststudentane ved Høgskulen i Volda sine øvingsmedium. I tråd med nasjonale retningslinjer er høgskulen no stengd for studentar, for å redusere faren for spreiing av koronaviruset. 

Det betyr at det også vert stopp i produksjonen av nyheiter og reportasjar til Nærnett, Nærsynet og Radio Volda. 

Studentane får no andre journalistiske oppgåver som kan løysast heimefrå.