Ninja warrior olden

FYRSTE AV SITT SLAG: Brørne Håvard (på biletet) og Odd Sindre Tonning inviterer til Ninja Warrior Olden. (Foto: Lene Flataker)

Ninja Warrior Olden går av stabelen for fyrste gong søndag 8. september. Eit brødrepar frå den lille bygda inst i Oldebukta står bak arrangementet.

OLDEN: Konseptet, som stammar frå Japan og USA, går ut på å kjempe seg gjennom ei fysisk krevjande hinderløype.

Brørne Odd Sindre (21) og Håvard Tonning (16) frå Olden har no laga si eiga Ninja Warrior-løype, i hagen sin, og inviterer dei som ynskjer å teste ut løypa til Olden.

INSPIRERT AV TV-SERIE: Håvard (t.v.) og Odd Sindre henta inspirasjon frå tv-programmet American Ninja Warrior, og håpar arrangementet skapar meir interesse i området. Foto: Lene Flataker.

– Idéen fekk vi etter å ha sett programmet på TV. Det er ikkje eit særleg populært konsept i Noreg, så TV2 valde å droppe programmet grunna låge sjåartal, seier brørne.

No ynskjer dei å bruke si eiga løype til å få opp interessa for konseptet.

– I USA har dei fleire slike ninja-gymmar, som er treningssenter for Ninja Warrior-utøvarar. Det har vi ikkje i Noreg. Då bestemte Håvard seg for å byggje eit her, og tek dermed initiativ for å få sporten hit, fortel storebror Odd Sindre.

– Det er verdt den tida det tek

Odd Sindre seier at ein gjennom ei slik løype får trening ein ikkje nødvendigvis er klar over.

HEIMELAGA: Håvard (16) byrja fyrst å lage lianane. Etter kvart balla det på seg. Foto: Lene Flataker.

– Du får teste uthald, styrke, balanse og koordinasjon, og det er ein kjekk måte å trene på. Du slit deg ut i overkroppen og henda, men du tenkjer ikkje på at du faktisk trenar.

Brørne starta å byggje hinderløypa i sommar. Før dei visste ordet av det, hadde det eine ført til det andre.

– Vi starta i sommar med lianane, og etter kvart balla det på seg. Kor lang tid har vi brukt, Håvard? spør Odd Sindre.

– Lianane var ganske enkle å lage. Men salmon ladder-hinderet tok ein heil dag. Det er kjekt å byggje og trene på, så det er verdt den tida det tek, smiler Håvard.

– Ein leikeplass for dei vaksne

Brørne frå Olden er særs fornøgde med korleis løypa har blitt, og ser fram til å arrangere det fyrste Ninja Warrior-arrangementet i området.

– Ninja Warrior er som ein leikeplass for vaksne, og vi håpar mange kjem for å teste ut. Både for mosjon, og for å konkurrere med dei andre som kjem.

SALMON LADDER: Brørne fortel at ein får trent seg  uthald, styrke, balanse og koordinasjon. Foto: Lene Flataker.