Vil bruka sitt eige språk

Syver Nupen, sport 1

Syver Nupen i Sport 1 Ørsta seier dei ynsker å bruka så mykje nynorsk som mogleg. Foto: Håkon Kvam Lyngstad

Går du inn i ein butikk i Ørsta, vil du antagleg kunne lese skilt og plakatar med bodskap på bokmål. Enkelte vil no gjere noko med det.

Fleire butikkar i Ørsta og Volda arbeider for å bruke nynorsk meir aktivt når dei kommuniserer med kundane.

– Å bruke bokmål er som å skriva eit språk vi ikkje heilt kan, seier Randi Blichfeldt som er barista på kaffibaren Fugl Føniks i Ørsta. Ho er over gjennomsnittleg engasjert i språk.

Naudsynte framandord

Randi Blichfeldt, Fugl Føniks Ørsta
Randi Blichfeldt på Fugl Føniks er oppteken av å skriva normert bokmål. Foto: Håkon Kvam Lyngstad

Blichfeldt synest det er viktig at butikkar og restaurantar i Ørsta frontar nynorsk. Samtidig påpeiker ho at ein sjølvsagt er nøydd til å ta nokon andre ord inn i vokabularet:

– Vi skriver så klart kaffi, men når det gjeld americano og cappuccino, må vi nesten bruke dei italienske framandorda, ler ho.

Likevel meiner ho det er viktig at ein skriv korrekt og normert nynorsk.

– Eg trur mange er blitt dårlegare på rettskriving fordi ein tekstar og chattar med kvarandre på dialekt og dataspråk, og skriftspråket vert vatna ut. Dialekt kan eg snakke, men skriftspråket må vere korrekt, slår Blichfeldt fast.

– Kva er eigentleg springesko?

Syver Nupen på Sport1 i Ørsta meiner og det er viktig bruke sitt eige skriftspråk. Han er derimot ikkje like oppteken av å skriva normert nynorsk.

– Det er naturlig for oss å bruke nynorsk, men me seier eksempelvis ikkje «måndag» så då er det meir naturleg å skriva «mandag», seier Nupen og understreker at nokon nynorskord kan vere vanskeleg å bruke.

– Om vi skriv sykkelsal kan folk tru det gjeld sykkelseter. Og kva er eigentleg springesko?

Sport1 får alt materiale frå selskapet sentralt på bokmål, men Nupen seier dei lager mykje sjølv, og at dette kan vere på nynorsk.

– Vi får tilsendt ein del plakatar elektronisk og dei kan vi sjølv endre på.

Sport 1 Ørsta, nynorsk/bokmål
På Sport 1 Ørsta Brukar dei både nynorsk og bokmål. Foto: Håkon Kvam Lyngstad

Ynskjer meir nynorskmateriell

På Amfi Ørsta er det mange av butikkane som ikkje brukar nynorsk. Peder Lid, dagleg leiar for kjøpesenteret, seier at senteradministrasjonen ynskjer å bruka mest mogleg nynorsk, men det er ikkje alltid like lett å få med alle butikkane.

– Eg er einig i at butikkane både på senteret og i området elles bør bruka mest mogleg nynorsk, men det er opp til kvar enkel butikk kva for ei målform ein ynskjer å bruka, fortel han.

På senteret er det nokon av butikkane som har skilt og reklame på nynorsk, men fleirtalet er likevel på bokmål.

– Mange kjeder leverer ikkje på nynorsk, men vi har dessverre ikkje nokon metoder for å påverke akkurat dette, seier Lid.

Levande lokalspråk

Nynorskforkjempar Terje Kjøde synest at nynorskdekninga hjå butikkane i området er blitt betre, men at mange framleis har ein god veg å gå. Han seier at det no er ei gruppe kalla «Levande Vikegata» som blant anna arbeider for at fleire butikkar i Vikegata skal bruke nynorsk. Han trur derimot at det er vanskeleg for butikkar i dei store kjedene å få reklamemateriell på nynorsk.

– Butikkar i nynorskland må slå seg saman for å presse dei store kjedene til å trykkje materiell på nynorsk. Dette er noko blant anna Coop Mega har lukkast med tidlegare, seier Kjøde og påpeiker:

– Det skulle berre mangle at forretningane i Ivar Aasens heimbygd brukar nynorsk.

Han er einig med Blichfeldt på Fugl Føniks om at det er viktig at det skrivast normert nynorsk.

– Ingen i bokmålland skriv dialekt, så viss vi skal bruke nynorsk må vi skriva den rett.

Likevel understreker han at ikkje alle ord treng skrivast så normert som mogleg.

– Det er ikkje feil å skriva løpesko og springesko høyrast berre rart ut, seier Kjøde, samtidig som han skjøner kvifor det er naturleg å skrive med meir dialektpreg.

– Mange snakkar tilnærma bokmål og skriv det, men det gjeld ikkje nynorsk. Vi må difor tilby fleire kurs til butikkar i Ørsta.