Nytt autopass-kort skal gi meir fleksibilitet

Nytt autopasskort i møre og romsdal

Prosjektleiar for Autopass hjå Statens vegvesen, Dag Hole seier at autopass-ordninga har forbetringspotensiale. (Foto: Pressebilde)

På ordre frå samferdselsdepartementet er dei no inne i ein testperiode for det som skal bli eit meir fleksibelt kort for barnefamiliar og organisasjonar.

– Hadde vi visst at ordninga skulle vare så lenge, ville vi gjort desse endringane frå starten av. Det seier prosjektleiar for Autopass hjå Statens Vegvesen, Dag Hole.

– Dette vil bli ei meir langsiktig løysing. Dette er eit konkret ferjekort, og ikkje kobla ei brikke, held prosjektleiaren fram.

Sidan innlemminga av det nye autopass-systemet i 2019 har det til tider vore mykje blest rundt det nye systemet.

Innføringa av autopass-brikkebetaling kjem til Volda-Folkestad og Festøya-Solavågen i løpet av neste år. Fylkesferjene må derimot vente. Møre og Romsdal fylkeskommune bestemde seg nemleg tidlegare i år for å utsette innføringa på sine samband.

Argumenta til fylkeskommunen var då at det ville bli dyrare å reise aleine i bilen, og at dette rammar pendlarar og reiseliv.  

– Vi kan ikkje synes så mykje om at fylkeskommunen utsett. Vi må berre forholde oss til fakta og tilpasse oss der etter, forklarar Hole.

Hole presiserer at han forstår fylkeskommunen sin argumentasjon.

– Det er surt for pendlarane, på vestlandet er ferje allereie ei stor utgift for mange. Å påføre dei ekstra kostnadar er ikkje lett, seier prosjektleiaren og utdjupar.

– Når det er sagt var dette forhold som låg til grunne frå strarten av. Fylkeskommunane har satt opp takstane på ferjene sjølv dei siste åra, uta nat det har noko med autopass og gjere.

Nernett har vore i kontakt med fylkeskommunen for ein kommentar i denne saka. Fylkeskommunen ønskjer ikkje kommentere saka før fylkestinget i desember.

Ikkje kobla til bilen

Hole forklarar vidare at det nye ferjekortet vil minne meir om det gamle tilbodet.

– Vi er blitt bedt om å lage eit tilbod som er tilpassa dei som reiser utan bil. Det nye kortet vil ikkje vere låst til spesifikke bilar, slik som dei noverande, forklarar han og held fram.

– Desse vil vere ei god ordning for familiar som treng fleire kort enn bilar. Også bedrifter med fleire bilar, idrettslag og liknande vil dra nytte av systemet, meiner prosjektleiaren.

Når dei nye ferjekorta kjem, er derimot ikkje sikkert.

– Vi er inne i ei testperiode no. Så snart den er ferdig går vi over til lansering av det nye kortet. Vi har difor ikkje valt å gå ut med noko lanseringsdato på dette tidspunktet.

– Ønska å finne ei lettar løysing for alle

Hole vedkjenn at han forstår noko av kritikken mot det nye autopass-systemet.

– Vi forstår nok kritikken til ei viss grad. Ønsket vårt heile vegen var å finne ei lettare løysing for trafikantane, og det meiner vi at autopass-brikkebetaling framleis er. Men som nemnt, hadde vi visst at ferjekorta skulle vare så lenge, hadde tilbodet sett annleis ut i dag.

Han forklarar at noko av kritikken var dei førebudd på.

– Det er krevjande å endre system som folk er vande med, det var vi førebederdt på. Det tar tid å tilpasse seg nye system, og det forstår vi.

Vidare presiserer Hole at dei kunne vore betre på informasjon til trafikantane.

– Det har vore krevjande å informere felles for heile landet samstundes. Vanskeleg å tilpasse informasjonen til lokale forskjellar og variasjonar frå samband til samband.

Framleis trua på autopass

Prosjektleiaren har derimot framleis trua på systemet, og håpar dei kan få til samarbeidet med fylkeskommunen så rakt som råd.

– Store forskjellar på betalingssystem frå samband til samband var det vi ville bli kvitt, det er ikkje ingen tent med, seier hole og held fram.

– Vi håpar på å finne ei løysing. Men med det nye kortet er vi meir fleksible og skoff for ein lenge periode med autopass-kort i forhold til brikker.

Hole informerer om at det er fleire samband som bruker autopass-brikker, enn som ikkje gjer det.

– Vi har framleis trua på autopass-brikkene. Løysinga fungerer, men vi har eit forbetringspotensiale på nokre område. Det vedkjenn vi. Vi har også gode tilbakemeldingar, avsluttar Hole.