Nytt konsertlokale i Ørsta

Nytt konsertlokale

STORE FORVENTINGAR: Nils Dragnes frå Ørsta gleder seg til opning. Her i kjellaren på Hotell Ivar Aasen. Foto: Lene Flataker

Nils Dragnes frå Ørsta er saman med Hans Robert Bondhus leiar i Musikk i sentrum, og er ein av fleire bidragsytarar som for tida jobbar på dugnad med å pusse opp den gamle utestaden i bygda.

Det var i dei "gamle dager" at utestaden Påfuglen/Fogli/Viking hadde si storheitstid. Fleire frivillege jobbar no for å pusse opp att kjellaren på hotellet i Ørsta. Oppussinga er eit samarbeid mellom Musikk i sentrum og Hotell Ivar Aasen.

— Vi lagar eit lokale for konsertar og andre hendingar. Sett vekk frå Ørsta kulturhus, har vi ingen andre lokale som er eigna for dette i Ørsta. I Volda er Studenthuset Rokken eit veldig godt tilbod, som husar store artistar og hendingar. 

Stor kvalitet i lokale band

Dragnes seier at  det er her det nye konsertlokalet vil bidra stort. 

— Det er der vi prøvar å steppe opp. Vi vil sjølvsagt fortsette i beste Musikk i sentrum-ånd, det er stor kvalitet i mange av dei lokale banda som vil ha ei scene å spele på. Dei dreg bra med publikum lokalt, og dei fortena ein plass å vise seg fram på. I tillegg vil vi prøve å hente inn passande kjende band og artistar.

Han fortel vidare at bygdefolket skal ha ein sjanse å kome seg ut for å nyte både musikk og folk, og behovet for ein slik plass i Ørsta er stort.

— Vi gleder oss stort til prosjektet er ferdig, og til sjølve drifta av lokalet startar. Forventningane er store!

Vil ikkje påverke Rokken i stor grad

Åge Lilleås Staurset, dagleg leiar hjå Studenthuset Rokken, er veldig positiv til at det kjem ein ny utestad i Ørsta.

— Eg trur ikkje dette kjem til å påverke Rokken i nokon stor grad. Rust var i si tid ei tydeleg større scene, enn ei scene kun for lokale artistar. Men etter det vart nedlagt er det kjekt at nokon tek initiativ til å lage ei slik scene for dei lokale.

— Glimrande og legendarisk

Runar Gudnason, også kjend som  "Sjef R" i Side Brok, synest det er flott at den nye utestaden også satsar på lokale artistar, og at det er heilt naturleg ettersom Rokken finst.

— Eg synest sjølvsagt det er både glimrande og og nokså legendarisk. Me var mykje der i helgane då me var unge, og det var veldig tøffe lokale! Før hadde me klubben Rust i Ørsta, og det var det både store artistar på turné og lokale band. Så det er absolutt rom for at kjellaren på hotellet opnar igjen.