Å vere mor til eit autistisk barn

Bokprisvinnar kjem til Aasen-tunet​

Førstkomande onsdag kjem forfattar Olaug Nilssen til fagdag på Aasen-tunet.

Forfattar Olaug Nilssen. FOTO: Bent R. Synnevåg

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Volda kommune. Nilssen vert blant anna invitert av barnevernstenesta. Ho har skrive ei sterk bok om korleis det er å vere forelder til eit autistisk barn.

Nilssen fekk Brageprisen for skjønnlitteratur hausten 2017. I år er ho nominert til Ungdommens kritikerpris for boka hennar «Tung tids tale».

På Aasen-tunet møtar ho den norske forfattaren og journalisten, Siri Økland, til diskusjon om boka.

Forfattar og journalist Siri Økland. FOTO: Bent R. Synnevåg

I 2017 vart fagdagen danna gjennom eit samarbeid mellom det interkommunale barnevernet, tildelingskontoret i Ørsta kommune og NAV i Hareid/Ulstein.