Opphevar råd om å avgrense nærkontakt mellom hundar

Opphevar råd om å avgrense nærkontakt mellom hundar

SAME SMITTEKJELDE: Mattilsynet bekreftar at nokre av hundane med blodig diaré har blit utsett for same smittekjelde, medan andre ikkje er ein del av eit utbrot, og kan vere sporadiske tilfelle. (Foto: Asbjørg Mo)

Hundedødsfall og sjukdom har dei siste vekene versert i Noreg. Årsaka er framleis ikkje kjent, men Mattilsynet opphevar no det generelle rådet om å avgrense nærkontakt mellom hundar.

I ei pressemelding skriv Mattilsynet og Veterinærinstituttet at dei no tek imot få meldingar om hundar med blodig diaré frå veterinærar. Det er også klart at alle sjukdomstilfella ikkje kan setjast i samanheng med kvarandre.

Les også: Hundesjukdomen som herjar landet

Sannsynlegvis multifaktoriell sjukdom

Veterinærinstituttet meiner det er usannsynleg at det er éin konkret fellesnemnar mellom alle dei registrerte tilfella av hundar med blodig diaré.

Det understrekast at utviklinga av sjukdom sannsynlegvis er det som kallast multifaktoriell, som betyr at sjukdomsutviklinga skyldast fleire samanhengande faktorar.

– Nokre av tilfella kan også ha andre årsaker, og ikkje vere ein del av det vi oppfattar som eit utbrot.

Nokre utsett for same smittekjelde

Så langt har bakterien Providencia alcalifaciens blitt påvist hjå ca. 50 av hundar som har blitt sjuke med blodig diaré. Bakterien har også blitt påvist hjå nokre friske hundar, men i mindre menger.

– Så langt har undersøkingane om slektskap mellom bakteriar vist at 14 tilfelle med sjuke hundar hadde nærast identiske bakterie. Undersøkingane viser også at nokre av hundane har fått påvist bakterie som ikkje er identiske med dei 14, skriv Mattilsynet.

Vidare skriv dei at dette bekreftar at nokre av hundane med blodig diaré har blitt utsett for same smittekjelde, medan andre ikkje er ein del av eit utbrot, og kan vere sporadiske tilfelle.

Seks tilfelle i Møre og Romsdal

Oppdaterte lister frå 20. september syner at det har vore seks sjukdomstilfelle i Møre og Romsdal meldt inn via spørjeskjema. Sogn og Fjordane har to tilfelle.

– I oversikta kan det vere fleire døde hundar i eit fylke, enn rapporterte sjukdomstilfelle.

I denne oversikta er det lagt til tilfelle av døde hundar som med ein gong har blitt meldt direkte til Mattilsynet, men som ikkje enno har kome via spørjeskjema.

– Fôr er ein av mange moglegheiter

Veterinærinstituttet og Mattilsynet jobbar vidare med undersøkingar av bakterien sine sjukdomsframkallande eigenskapar, og søkjer systematisk etter mulige kjelder.

– Parallelt med dette går Mattilsynet gjennom og følgjer opp informasjon frå den pågåande kartlegginga, for å sjå om det finnast fellestrekk som alder, rase, fôring, kontakt med andre hundar, områder og liknande.

Ein del hundeeigarar med sjuke eller døde hundar har teke vare på prøver av kva hunden hadde ete sine siste 14 dagar. Desse kan ein framleis spare på slik at ein kan ta prøver om dette blir nødvendig.

– Fôr er ein av mange moglegheiter som framleis undersøkast.