Kjøpesenteret i Ørsta får nytt namn

LL Drift AS har teke over forvaltning/eigarskap av forskjellige Amfi-senter i løpet av 2018/2019. Det er naturleg å endre namn når Amfi er eit merkenamn eid av Thon Eiendom for å skille kjøpesenterkjeden, alti.no

Alti er ein kombinasjon av fleire ord, som har fleire betydningar. Du kan lese som "alltid" eller  "alt i". Med Alti utrykk me både at me vil være til stede og at me har samla mykje på ein stad for deg, skriv dei på deira heimside. 

– Endringane vil gradvis bli synlege. Men me skal feire overgangen til nytt namn med stor "namn fest" lokalt på senterane til hausten. Då kjem nye skilt på senterene og all marknadføring vil skje med nytt namn, skriv Lars Ove Løseth, administrerande direktør i LL Drift AS i deira pressemelding.