Ørsta Røde Kors bygger ut reserveløysing for naudnettet

Ørsta Røde kors bygger ut VHF-nett

F.v. Leiar i Ørsta Røde Kors, Helge Vatne, Thor Olsvold-Hansen,Børulf Lefdal og Svein Jarle Moe. Foto: Kjell Arne Steinsvik/Møre-Nytt

Då Helge Vatne og Svein Jarle Moe fann nokre hol i det nye naudnettet, tok dei til med å bygge ut ei reserveløysing på frivillig basis.

I 2015 tok alle naudetatar i bruk det nye naudnettet. Eit samband som koplar alle naudetatane saman og gjer det lettare å kommunisere mellom brann, ambulanse og politi. Sambandet er også kryptert, noko som gjer det tryggare å bruke. Likevel er det alltid svakheitar ved teknologi som er avhengig av straum og telelinjer. Ørsta Røde Kors har difor på frivillig basis bygd opp ei reserveløysing som verkar på ein annan måte enn naudnettet, og som er meir robust.

̶​  Når me brukar ein masse tid og krefter på å bygge VHF, så er ikkje det fordi me synes naudnettet er dårleg. Naudnettet er eit kjempeframsteg, men det er nokre hol som me har lyst til å dekkje opp, seier Helge Vatne, leiar i Ørsta Røde Kors.

Vatne har saman med Svein Jarle Moe bygd opp eit VHF-samband på frivillig basis. Dei to har bruka utallege timar med å sette opp senderar og koordinere arbeidet. Sjølv om det begge synes at naudnettet er det beste naudsambandet, ser dei klare fordelar med eit VHF-samband også.

̶​  Fordelen med VHF er at det er heilt uavhengig av det ein kan kalle infrastruktur, telelinjer, kva som helst. Det treng berre straum, og ved straumbrot har me ein batterikapasitet på inntil fem døgn. Det er veldig robust, på grunn av at det er så enkelt, fortel Vatne.

Ein annan utfordring dei har sett med det nye naudnettet, som dei har teke tak i er kommunikasjon med sivilbefolkninga. Vatne fortel at Røde Kors, og dei andre naudetatane som regel har samband og kommunikasjon ei god stund, men at problema oppstår når ein ikkje kjem i kontakt med sivilbefolkninga. Dei har difor lagt opp til at det skal vere ulike kontaktpersonar rundt om i bygdene som har tilgang og kunnskap om VHF-sambandet. Desse personane vert då ein del av beredskapen, og det sikrar tryggleiken i dei meir avsidesliggande grendene, forklarar Vatne.

Ein for høg pris å bygge ut ei reserveløysing

Nina Myren i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), seier at dei har fått veldig mykje positive tilbakemeldingar på det nye naudnettet, og seier at utfordringa no er å sørgje for at det blir slik. Ho seier også at kostnad er hovudgrunnen til at det ikkje vert bygd ei reserveløysing frå staten si side.

̶​  Om staten skulle ha bygd eit heilt uavhengig nett, så hadde det hatt ein prislapp som me ikkje hadde vore villige til å betale for, seier ho.

Lensmannen søv godt om natta

Lensmann i Volda og Ørsta, Guttorm Hagen, er godt nøgd med det nye naudnettet, men peikar på at det framleis er visse stader i regionen det er utfordringar.

̶  Politiet sine patruljer køyrer gjennom Selvågtunnelen i Ulstein fleire gonger i døgnet. Der opplever me svikt i naudnettet og manglande mobiltelefondekning. Politiet kan ha pågåande, viktig radiokommunikasjon som vert broten ved køyring i tunnelen. Tunnelen er ulukkesutsett og er eit døme på at naudnettet enno ikkje er optimalt utbygd, seier Hagen.

Han er glad for Ørsta Røde Kors sin store frivillige innsats.

̶  Eg set veldig pris på at me har frivillige som er meir enn snittet interessert i radiokommunikasjon, som kan ordne eit alternativt radiosamband. Så lensmannen søv godt om natta, når han har Ørsta Røde Kors i nærleiken.

Sjølv Vatne og Moe veit at det ikkje er mogleg å bygge eit samband som står i mot alt, og som alltid verkar. Dei vil likevel legge til rette slik at det stort sett alltid er eit samband som verkar.

̶  Ein har lyst til å bygge den løysinga slik at den er operativ heile tida, avsluttar Vatne.

Naudnett

  • ​Naudnettet er namnet på det digitale radiosambandet for naud- og beredsskapsetatar i Noreg.
  • Naudnett gjev avlyttningssikra og robust kommunikasjon der folk bur og ferdast.
  • Kjernebrukarane er naudtetatane, politi, brannvesen og ambulanse. Men brukast også av frivillige og andre aktørar innan naud- og beredskapsbransja.
  • Før naudnettet hadde alle ulike samband som gjekk på opne kanalar.
  • Ein kan kommunisere på ulike måtar. Anten som walkie talkie, sende meldingar, ringe eller i store talegrupper som knyttar alle som er innvolvera i ein situasjon saman.
  • Kortare oppkoplingstid enn vanleg mobiltelefon.

Kjelde: www.nødnett.no

VHF-radio

  • ​Veldeg høg frekvens er elektromagnetisk stråling i området 30 til 300 MHz.
  • Radiosignala har normalt rekkjevidde like langt som augo kan sjå, og frekvensområdet er særleg godt egna i Noreg sidan radiosignala vert reflektera av fjell som lys av ein spegel.
  • Radiobølgjene kan også "krumme seg rundt" ein skarp fjellkam. Ein radiosendar på ein fjelltopp kan difor ha dekning i ein dal, sjølv om det ikkje er innanfor synsvidde.

Kjelde: wikipedia