Pikekysz ute med ny låt

Pikekysz galaxy

LÅTSKRIVAR: Det er Mariann Humberset, vokalisten i Pikekysz, som har skrive den nye låta. Foto: Lene Flataker.

Fredag 16. mars slapp Ørsta-bandet Pikekysz ut si nye låt "Galaxy".

Pikekysz, eit alternativ rock-band frå Ørsta, starta opp i mars 2015 og består av fem medlemmar: Mariann Humberset (vokal), Thomas Vinjevoll (gitar), Jarl Ringstad Krohn (gitar), Mathias Blichfeldt (bass) og Nils Dragnes (trommer). Sidan då har dei kome ut med ei rekke sjølvskrevne låtar, og i dag slapp dei bandets sjette originale låt - "Galaxy".

Mariann Humberset, låtskrivaren av "Galaxy", er nært knytta til songen.

 – Songen handlar om ei vanskeleg periode i livet mitt i fjor haust. Det er ein sang som betyr veldig mykje for meg, seier vokalisten.

Massiv respons

Nils Dragnes seier at songen har blitt spelt på radio gjentatte gongar i heile dag.

Galaxy pikekysz
NY LÅT: Pikekysz er ute med si nye låt "Galaxy". Foto: Lene Flataker

– Den er lista på NRK Møre og Romsdal og Radio Ålesund allereie, og det er svært!

Dragnes har fått fleire tilbakemeldingar i løpet av dagen frå både kjende og ukjende, og alle er positive.

– Det har vore ein massiv respons. Det var til og med ein som sa at det følest ut som at han sveva på ei sky gjennom heile låta. Vi, og spesielt Mariann, har lagt mykje kjensler i denne songen. Vi viser kjenslene våre til allmennheita, og det er ekstra kult når dei som høyrer på musikken vår faktisk likar det.

Jarl Ringstad Krohn er Pikekysz sitt nyaste tilskot, etter at Henrik Blichfeldt bestemte seg for å steppe ned som gitarist.

–  Jarl er ei fyrkanne, og fyller oss opp med energi. Han er eit flott tilskot til gjengen!

Neste steg for Pikekysz er konsert på Norrøna Pub i Ørsta laurdag 24. mars. Dei er også eitt av fire band som skal spele under Bygdepride 12. mai. Dette gleder bandet seg stort til.
 

Låta "Galaxy" er no ute på alle streamingtenester.