Ny rådmann i Vanylven

Første kvinnelige rådmann i Vanylven

I går vedtok kommunestyret i Vanylven å tilsetje Rita Kvamme i jobben som rådmann. Med det blir ho den første kvinnelige rådmannen som er fast tilsett i kommunen.

Det var Synste Møre som først melde om saka.

Rita Kvamme er tilsett som ny rådmann i Vanylven kommune. Foto: Vanylven kommune
NYANSATT: Rita Kvamme er blitt tilsetje i jobben som rådmann i Vanylven. Foto: Privat

Tysdag ettermiddag vart det i eit ekstraordinært kommunestyremøte einstemmig vedteke å tilby Rita Kvamme jobben som rådmann i Vanylven kommune.

Kvamme seier til Nærnett at ho ser fram til å ta fatt i nye og spennande oppgåver, og at ho gler seg til å bli kjend med nye kolleger i Vanylven.

Kvamme, som er busett i Selje kommune, kjem frå jobben som personalleiar i Vågsøy kommune. Stillinga som rådmann i Vanylven vart ledig då Andreas Nørve i desember informerte om at han skulle slutte. Nørve vil ta til som assisterande rådmann i Herøy kommune frå 1. april.

Avisa melder om at møtet gjekk for stengde dører etter innstilling frå formannskapet, også det i ekstraordinært møte.