Reagerer på beredskapskutt: – Ei skam at dei ikkje har involvert formannskapet

Reagerer på beredskapskutt på Volda-Folkestad-sambandet

REAGERER: – Det er eit folkekrav, seier Odd A. Folkestad om beredskapen på sambandet mellom Volda og Folkestad. (Foto: Lene Flataker)

Odd A. Folkestad, politikar i VOLDA-lista, reagerer sterkt på avtalen som har blitt signert mellom Statens vegvesen og Norled.

VOLDA: Frå 1. januar 2020 skal elektriske ferjer køyre ruta Volda-Folkestad. I avtalen vert det også kutt i ferjeberedskapen på riksvegsambandet. Dette vil i praksis bety at ferja ikkje rykker ut dersom det skulle skje noko på Folkestad-sida av Voldsfjorden, og ambulante køyrety må køyre rundt fjorden - eller halde seg til rutetidene.

– Det er Statens vegvesen og reiarlaget Norled, som skal vere operatør, som har signert avtalen. Grunnen til at dei har forhandla dette, er for å få ein ny driftsavtale over fjorden her, seier Odd A. Folkestad.

– Vi snakkar i verste fall om liv eller død

VOLDA-lista-politikaren reagerer på at beredskapen blir kutta, slik at det ikkje vert beredskap i det heile.

– Beredskap betyr at ferja ligg ved kai, og har komplett mannskap om bord. Dette gjeld uansett kva type utrykking det er snakk om. Ambulanse, brann og så vidare. Kapteinen har alltid mannskap om bord, og kan rykke ut når han får varsel om det, som oftast gjennom AMK.

– Kva kan vere konsekvensen av eit slikt kutt?

– Vi snakkar i verste fall om liv eller død. Den beredskapen dei har no går frå 1. desember til 1. april. Dette er i hovudsak forårsaka av at det er veldig ustabile køyreforhold rundt fjorden, seier Folkestad og legg til at ein brukar lengre tid på å køyre rundt fjorden enn å ta ferja over.

– Når det er sagt, så betyr det at dersom ein skal køyre rundt fjorden, så brukar ein 45 minutt lenger til sjukehus. Ein brukar 45 minutt lenger til å få ut brannbilar. Ein brukar 45 minutt lenger til alt som har med katastrofe å gjere.

Les også: Kjører over 60 ekstra turer i året for ambulanse på utrykning

Har aldri vore oppe i formannskapet

EI SKAM: Odd A. Folkestad seier at det er ei skam at formannskapet i Volda ikkje har blitt involvert i avtaleprosessen. (Foto: Lene Flataker)

Folkestad legg vekt på at Statens vegvesen og Norled burde ha involvert formannskapet i Volda som politisk organ i avtaleprosessen. Han meiner at det er ein forenkla måte å gjere det på.

– Det er ei skam at dei ikkje har involvert formannskapet. Det er heilt klart at når det går på helse, katastrofar og den slags at saka heilt sikkert burde ha vore lagt fram for eit lokalpolitisk organ. Eg sit sjølv i formannskapet, og denne problemstillinga har aldri vore oppe der. Den er høgst særeigen, og det må reagerast veldig på.

Han nemner at det er snakk om heile sørsida av Voldsfjorden frå og med Åmelfot, til og med Bjørkedalen med arm til Bjørneset, som vert råka av beredskapskuttet.

– Her bur det mykje folk, og det er rasfarleg om vinteren. Eg kan ikkje understreke nok at dette er ei sak som heile lokalbefolkninga kjem til å gå veldig imot, og eg skal sørge for at den skal bli veldig heit politisk, om det er nødvendig, fortel Folkestad.

– Det er eit folkekrav

Han håpar at Statens vegvesen og Norled tek fornuft, og innfører beredskap i heilårsdrift.

– Det er eit folkekrav. Eg kan ikkje få understreka nok at dette er ei sak som heile lokalbefolkninga kjem til å gå veldig imot, og eg skal sørge for at den skal bli veldig heit politisk, om det er nødvendig, seier Folkestad bastant.

– Eit liv. Eit dødsfall. Det kan bli unngått ved å ha denne beredskapen.

Ferjesambandet mellom Volda og Lauvstad har no heilårsberedskap.

– Vi veit at den ferja har beredskap heile året. Hadde det vore ei moglegheit for begge ferjene til kai ved Vikeneset, hadde vi løyst problemet, og begge ferjene hadde fått heilårsberedskap. Problemet her er at Volda-Lauvstad er ei fylkesvegferje, og Volda-Folkestad er ei riksvegferje. Det vert moglegvis for komplisert for Statens vegvesen å halde orden på, men for meg hadde det vore veldig enkelt.

Amdam: – Vi har lagt fram ruteendringsforslag til dei

Odd A. Folkestad lurer på om ordførar Jørgen Amdam har sove i timen når det gjeld beredskapskuttet. Amdam seier at saka har blitt tatt opp tidlegare.

Volda-ordførar Jørgen Amdam seier at beredskap er noko som ein sterkt skulle ynskje at ein kunne få. (Foto: Arkiv)

– Det har blitt lagt inn kommentarar til forslaga som har kome, og det veit Folkestad meget godt. Vi har orientert oss om forslaga, som blant anna handlar om tidlegare avgangar og liknande. Det er stadig vekk slike kontraktforhandlingar mellom staten og Norled, og vi har mellom anna lagt fram ruteendringsforslag til dei.

Amdam fortel også at slik som i dag har, dei ikkje noko særleg beredskap anna enn å mobilisere mannskapet.

– Vi kan sjå tilbake på då det nyleg var brann på Folkestad-sida. Der klarte ein ikkje å bemanne ferja, og utrykkingskøyretya måtte køyre rundt fjorden, seier ordføraren, og legg til at det framover ikkje vert store forandringar i beredskapen. 

– Sjølvsagt er beredskap noko som vi sterkt skulle ynskje at vi kunne få til, men det er staten som styrer beredskapen og finansierar den. Det vi kan gjere er å kommentere forslaga dei kjem med. Eit alternativ er også å byggje bru over Dalsfjorden, for å få høgare beredskap.