40 år sidan tensingfeberen kom til Ulstein

Laurdag 7. april feira Ulsteinvik TenSing 40 år, med ein reunionskonsert for alle nåværande og tidlegare tensingarar. Ulstein kyrkje vart duka med eit superkor med songarar i fleire generasjonar.

– Hei, skal dykk vere med i koret, høyrer vi i det vi tar steget inn i varmen til øvingslokalet til Ulstein TenSing. Det er den smilande voksenleiaren Beate Mjøen Berg som spør. I bakgrunnen høyres lyden av eit kjempekor på opp mot 60 tensingarar syngje for full hals. Vel inne i øvingslokalet ser vi ein fullsat sal med fleire generasjonar av tensingarar. Frå gamle tensingarar som har vore med sidan oppstarten i 1978 til gutegjengen på bakarste rad. Nokre av desse er inne i sitt første år.

Ønskte velkomen: Beate Mjøen Berg. Foto: Inga Lill N.Nyvoll

Viktig for bygda.

Tensing kom til Noreg hausten 1967, då vart det første koret starta i Bergen.  Berre 10 år seinare kom det som då var blitt ein nasjonal feber til Ulsteinvik. 7. april 1978 vart tensingkoret Profil starta. 40 år har no gått og mykje har endra seg. KFUK KFUM, som er organisasjonen bak, har fått over 300 aktive medlemmar i byen. Dei har starta tweensing-kor og gospelkor, tensing-seminar kvar sommar, speidargruppe og ein KFUK-KFUMeigd folkehøgskule. Og Profil-tensing vart Ulstein TenSing. Deira arbeid har gjennom dette satt eit spesielt preg på den vesle byen.

Engasjerer ungdomen.

Tilbake på Fredheim, KFUK KFUMs møte plass i Ulsteinvik, er det no pause i øvinga. Alle er no samla i eit folketrangt kjellarlokale. Støynivået stig då eldre generasjonar med tensingar mimrar tilbake og den yngre garden lagar nye minner. I hjørnet finn vi ein av korets yngre deltakarar, Øystein Grimstad Thormodsæter saman med gutegjengen hans. Han fortel oss meir om kva koret har betydd for han.

Øystein Grimstad Thormodsæter. Foto: Inga Lill N.Nyvoll


 – Tensing har betydd mykje for meg. Eg har blitt meir sjølvstendig, eg bryr meg ikkje like mykje om kva alle seier og har blitt tryggare på meg sjølv. Eg har til dømes vorte betre på å snakke foran større folkemengder, fortel Thormodsæter med eit stolt smil. 


Vi kronglar oss veg til andre sida av rommet, til nokre av dei første tensing generasjonane. Her møter vi Einfrid Grindheim som var dirigent i koret frå 1995-98. Ho meiner tensing skapar ein arena ungdom ikkje finn på mange andre plassar i samfunnet.

Einfrid Grindheim.
Foto: Inga Lill N.Nyvoll


– Her har ein eit stort fokus på at alle kan prøve og feile. Ein får og prøve ulike roller som ein kan vokse på. Eg tenkjer at samanlikna med mange andre aktivitetar rundt om der det er lett for at det blir press på at ein skal vere best, så er det mykje fokus her på at ein kan vere seg sjølv. Det skal vere ein trygg plass å vere med vaksne leiarar.
Einfrid si tensing-karriere starta midt i tensingfeberen i Noreg da ho var 14 år. Den gongen på Jølster i Sunnfjord. Etter dette har tensing vore meir eller mindre fast i livet hennar, fortel Grindheim, mens gamle og nye kjende straumar forbi.


Å gå i tensing er også ein familiearv for mange. I Ulsteinvik TenSing finn vi mange dømer på denne kulturen. Thormodsæter fortell om mora som var med i Hareid tensing, og Liv Osnes Dalbakken, tidlegare tensingar og Grindheims venninde, fortel med glede om at dottera hennar no går i Ulsteinvik TenSing. Dalbakken fortel også at mange minner kjem tilbake når man møter gamle kjende på ein dag som denne.

Klare for konsert.

Snart er pausen ferdig, og det er klart for siste øving før den store konserten. Styrt av ein sprudlande og engasjert dirigent syng megakoret for full hals. Alt er klart for konsert. Grindheim står fremst og syng solo på versa medan vi finn Thormodsæter med gutegjengen oppe i koret. Engasjementet til koret er stort. 
Rundt omkring flyr Beate Mjøen Berg og fiksar siste innspurt før konserten. Midt i alt oppstyret tar ho seg tida til å fortelje litt om kva som er målet og grunnen til at dei feirar nettopp 40 års jubileum. 


– Målet med konserten er ikkje så stort, vi vil at alle skal få feire og minnast på kva tensing har å gi. Vi vil vise fram og gi dei moglegheita til å kjenne på det gode fellesskapet vi har her. Samtidig veit ikkje vi kva framtida viser. Kanskje blir vi ikkje 50 år. Vi klagar uansett ikkje på moglegheita dette gir for å gjere tensing synleg, rekk akkurat Berg og fortelje før ho spring vidare til neste oppgåve.


Jamnt og trutt blir Ulstein kyrkje fylt opp med familie, vener og ikkje minst gamle tensingarar som alle er forventingsfulle og klare for ein storslagen konsert. Som konferansierar finn vi både ein gamal og ein ny tensingar. Bak dei ser vi både Thormodsæter og Grindheim i koret, dei strålar ut mot salen.  Alle er klare for konsert. Konferansierane ynskjer publikum velkomen, og minner om det gamle slagordet. «Ein gong tensingar, alltid tensingar».