Fargar verda rosa for kreft

Rosa Sløyfe Aksjonen

OPTIMIST: Til tross for tre rundar med brystkreften, ser Marit-Elin Falkanger positivt på livet. Foto: Ellen Karin Moen

Oktober er Rosa Sløyfemånad, og rundt i det ganske land kan ein sjå rosa lys i vaskehallane til Circle K og bodar med Rosa Sløyfeprodukter rundt på kjøpesenter. Dei fleste kjenner til den rosa sløyfa og at den står for brystkreft.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant kvinner. I 2015 fekk 3415 kvinner og 24 menn påvist brystkreft. 663 kvinner og 6 menn døydde som følgje av brystkreft same året.

ROSA: Med rosa negler, rosa kopp og rosa strikketøy gjer Falkanger sitt for å setja lys på årets Rosa Sløyfe Aksjon  Foto: Ellen Karin Moen

På det tredje skal det skje

Regionsleiar for brystkreftforeninga på Søre Sunnmøre, Marit-Elin Falkanger har sjølv hatt brystkreft tre gonger.

– Eg fekk brystkreft fyrste gongen i 2002. Det var kjempeskummelt. Heldigvis gjekk behandlinga fint og eg vart kreftfri – trudde eg.

Ti år seinare, i 2012, oppdaga ho ein kul i brystet og gjekk til ein lege for å ta ultralyd av brystet. Han beroliga ho med at dette kun var ei cyste. Det var ingenting å bekymra seg for. Tida gjekk og kulen vaks seg større.

– Det var ikkje før eg var hos fastlegen ei god stund etterpå og tilfeldigvis tok det opp, at eg vart sendt til sjukehuset der dei fann ein kreftsvull som måla 6,7 x 6,4 cm.

Etter dette var det rett på med behandling og fjerning av begge bryst. No trudde både ho og legen at no måtte ho vera kreftfri, men året etter fann dei på nytt brystkreft. Denne gongen i arret.

F.v Karin Håvik, Unni Jakobsen, Marit-Elin Falkanger, Liv Hogrening, Ingvill Viddal Nes, Laila Sandvik, Greta Midtbø, Tove Vatne og Berit Urkegjerde   Foto: Privat

Rosafrukost

I ein beige sofa med rosa puter, rosa strikketøy og ein rosa kopp i neven, sit no Marit-Elin kreftfri. I mars vart ho leiar for brystkreftforeininga på Søre.

– Det var veldig spennande. Eg har aldri gjort noko liknande før, så alt er framleis ganske nytt.
Forrige helg arrangerte dei Rosafrukost på Thon Hotell Fosnavåg. Då var borda dekka i rosa dukar, det var rosa muffins og rosa-artiklar.

– I tillegg til dei som budde på hotellet kom det heile 100 betalande gjester. Både me og hotellbesetninga var heilt overvelda over kor stort oppmøtet var. Det var ikkje tvil om at dette skulle me arrangera om att neste år også!

FULLT BORD: Samtlege var nøgd med det store oppmøtet på frukosten. Foto: privat

Ein av tre får seinskader

Årets Rosa Sløyfeaksjon er fokusert på seinskadene som rammer ei av tre kvinner som overlever brystkreft.

– Nokre av dei seinskadene ein kan få etter behandlinga er blant anna Fatigue, ei form for kronisk utmatting. Det rammer omlag 30-40% av brystkreftoverlevande. Det er og mange som slit med nerveskadar, og kjenner det som prikking eller brenning i hender eller føter. I nokre tilfeller kan ein og oppleva muskelsvakheit, der ein får ustø gange og problem med balansen, fortel Falkanger.

Det er og enkelte som får hjartesjukdomar. Desse kan skuldast både cellegiftbehandlinga, antistoffbehandlinga eller strålebehandlinga.

– Mange slit og med psykiske reaksjonar etterpå, då dei er redde for at kreften skal komma tilbake, og redde for å døy. Det skjer også at ein kan komma i tidleg overgangsalder.

Dei fleste som har vore borti kreft på ein eller annan måte kjenner på frykt og bekymring. Både for å få det sjølv og for at folk ein er glad i skal få det. Falkanger meiner det er viktig at ein ikkje går heilt i kjellaren om ein skulle verte konfrontert med sjukdomen.

– Kjenner du at noko ikkje er heilt som det skal, gå til legen med ein gong. Dess tidlegare du kjem deg dit, dess raskare får du behandling om det skulle vera noko. Og skulle det vera noko, så er det utruleg viktig at du ikkje går heilt ned i kjellaren. Sjølvsagt er det skummelt, men snakk med dine næraste om frykta di. Finn nokon som har hatt brystkreft eller vore borti det og snakk med dei. Skaff deg kunnskap, det kan ofte verka beroligande.

OPPLYST: Trappegangen på Thon Hotell Fosnavåg er bada i rosa ljos heile oktober månad. 

Korleis sjekker du deg sjølv

Det er ikkje kun på mammografi og ultralyd at ein kan sjekka seg. Det som er viktig er at alle, ein gong i månaden sjekker seg sjølv.

– Når du dusjar, så såpar du det godt inn. Så bruka du to eller tre fingrar og med sirkelbevegelsar beveger du dei med lett trykk langs brysta og opp mot armhola og kjenner etter endringar i brystvevet. Om ein ikkje gjer dette kvar månad er det vanskelegare å bli kjent med brysta sine og oppdaga om det er nokre endringar der.

Falkanger er klar på at om ein skulle kjenna nokre endringar må ein ikkje utsetja å gå til legen med det.

7 sjekkpunkt når du skal sjekka for brystkreft

 

1. Brystet kan endra form og tyngde.

2. Brystvorta kan endra seg (peika ein annan veg eller trekka seg innover).

3. Utslett/rødme på huden eller på brystvortene.

4. Det kan kjennast som om huden går innover. Eit slags søkk i huden.

5. Unormal væske frå brystvortene. Væska kan vera blodig.

6. Tjukkare hud.

7. Smerte i brysta. Mest vanleg etter overgangsalder.

 

Kjelde: Apotek1

Korleis sjekka seg sjølv

 

1. Sjå etter endringar i utsjånad, hudendringar, form og tyngde.
Stå framføre spegelen. Sjå korleis brysta dine heng når du har armane hengjande ned langs sida, løfta opp bak hovudet, og støtta på hoftene samtidig som du strammar brystmusklane.

2. Kjenn på brysta
Legg deg på ryggen på golvet, med ei lita pute under venstre skulder. Alternativt kan du og gjera undersøkinga ståande, f.eks. i dusjen.
Legg venstre arm bak hovudet og byrje kjenne på brystet med lette trykk. Start med brystvorta, og gå utover på brystet i sirklar til du har undersøkt heile brystet, armhola og oversida av kragebeinet. Heilt til slutt kan du klemma på området rundt brystvorta for å sjå om det kjem noko væske ut av den. Når du er ferdig bør du gjera det same med høgre bryst. 

Kjelde: Apotek1