Røykutvikling i Volda

Røyk i  Volda

RYKKA UT: Brannvesenet og politiet på staden. Foto: Jan Sarzuelo Dydland

Tørrkoking i Røyslidvegen tysdag ettermiddag.

Møre og Romsdal politidistrikt meldte tysdag 13. mars kl 17.18 på Twitter om røykutvikling i Røyslidvegen i Volda.

Naudetatane fekk meldinga kl. 17.14, og brannvesenet var til stades eit par minutt etter å ha blitt varsla.

FULL KONTROLL: Både brannvesenet og politiet rykka ut til Røyslidvegen. Foto: Jan Sarzuelo Dydland

- Pass på kva du har på og i omnen

Årsaken til røykutviklinga var tørrkoking, ei attgløymd gryte på komfyren. Ingenting tok fyr og der var ingen open ild, men det var mykje røyk i leiligheita, fortel innsatsleiar på staden, Kaja Øydgard.

Der var heller ingen personskade, og ingen var inne i leiligheita under røykutviklinga.

– Folk må passe på kva dei har både på og i omnen, og heller ikkje gå ifrå eller sovne ifrå det, seier Øydegard vidare.